mandag 9. desember 2013

Ikkje meir garn på Bjørke

Garnbutikken på Bjørke i Rosendal, som eg liksom har hatt som min lokale garnbutikk, har slutta med garn. Porselensbuo Gåver & Hobby starta i hovudsak med porselensmaling, både ferdige produkt og utstyr, og har dei siste åra gitt meir og meir plass til garn og strikking. Til min, og mange andre si store glede, har det vore eit breidt utvalg med både garn, mønster og pinnar, gode prisar og mange gode tilbud. Og ikkje minst ei blid og triveleg, og veldig hjelpsom, dama bak disken.


Etter å ha solgt alt garn med 25% rabatt i heile oktober, kom det eit tilbod frå nokre unge strikkesjeler om å kjøpa resten. Og dermed var det gjort, pinnar, garn og mønster fekk seg nye eigarar i utkanten av kommunen. Og med det var det rett og slett slutt på garnbutikken på Bjørke.



Sjølv om damen snart rundar 70 år, så har ho tenkt å halda fram med butikken, men i litt mindre målestokk og på litt andre betingelsar. Det vert ikkje faste opningstider, men opent etter avtale. Meir fokus på postordresalg, og i hyllene vert det litt utstyr til bunad, litt stoff og resten malingsutstyr. Til gjengjeld har ho mykje malingsutstyr, både til olje- akryl og porselensmaling.


Mine siste kjøp på Bjørke vart 1 kg med Nepal og eit babyhefte frå Dale. Eg håpar jo at det blir garnbutikk hos dei som kjøpte restlageret, slik at me kan få ein ny plass å få utløp for garnmanien vår. Uansett vil eg sei tusen takk til Kristlaug som har holdt oss med garn i mange år, håpar du verkeleg får god tid til eigne hobbyprosjekt no!


1 kommentar:

  1. Det er vemodigt, men samtidig så må me unna K ei fritid og rolegare dagar!?! Men, da må rettast ein stor takk for gleda ho har plussa på garngalskapen min og!

    SvarSlett