onsdag 4. desember 2013

Over fjorden etter garn..

...eller over bekken etter vann, som det vel egentlig heiter i ordtaket. Eg likar bedre min versjon:)

I dag har eg verkeleg belønna meg sjøl. Desse evinnelige sjukehus og legebesøka vil jo ingen ende ta, og sidan det ikkje blei noko garnhandling sist fredag når eg var på Haukeland, (det seie jo litt om koss tilstanden var når eg ikkje orka slepa meg rundt i ein garnbutikk ein gong!!) så skulle eg ta det igjen i dag.


På eit eller anna tidspunkt har eg plukka opp at det fantes ein butikk med garn rett opp i tverrgata for hurtigbåten på Leirvik. (Stord). Tusen takk til den som har tipsa meg om det. Butikken var lett å finna fram til, men noko verre å finna fram i!
Sybutikken, som trass i navnet hadde meir garn enn sy-ting, var rett og slett ganske kaotisk. Ein blir møtt av eit enormt bord overlassa med oppskrifter utan noko form for system. Resten av butikken helde same stilen, garn i kassar, korger, hyller og posar. Her må ein sjå kor ein sette føtene. Eg likar å måtta gå litt på skattejakt i garnbutikkar, men dette blei vel mykje. Eg hadde dessverre ikkje kamera med, så eg får bare anbefala alle som er i nærheten å ta ein tur.
Trass i kaos klarte eg no å fylla ein bærepose gitt...


                                                       Raggegarn til 10 kroner....


                                      Og nye fargar, i alle fall for meg, på Robust frå Sandnes.


Nokre nøster multifarga brun Fantasy, også frå Sandnes. Dei var på tilbud så då kunne dei få bli med meg over fjorden, trur nemlig eg har nokre slektningar av desse her liggande nede i ein kasse..


                                              Eit par nøster BabyUll, også på tilbud.


Også har eg kjøpt forsterkingstråd for første gang i mitt liv. Eg trur eg har strikka mange hundre par raggsokkar i mitt liv, men aldri med forsterkning i hælen.


Med syndene mine stappa i ein pose bar det nedover til Ullkroken, som jo er den butikken som gjer Leirvik verdt å besøka. Har vore der fleire gonger før! og det skjer jo ikkje at eg går tomhendt derifrå...


Ikkje i dag heller. Og sjå kor flotte posar da - med hekla snøfnugg.

Eg var veldig moderat på handlinga der, tanken slo meg at eg faktisk skulle dra heim på alt  også... Men eg fekk meg ein koselig prat, meiningsutvekslingar om garn i usa og litt mysing i nye mønsterhefter.



To nøster med Dale Babyull i ein skikkelig djup ceriserosa farge, samt tre nøster Robust raggegarn havna i posen. Og når eg betalte fekk eg DEN overraskelsen. Butikken hadde adventskalender der ein kunde fekk ein kalendergave, og i dag vart det MEG!! 


Gjett om denne brant litt i posen fram til eg kom meg heim og kunne riva ope papiret da. Snakk om barnleg spenning, som ein unge på julaften.


Og inni kalendergaven låg eit hefte med toveprosjekter og eit passande garnnøste til. Eg er ikkje nokon reser på toving, men likte godt det eine tøffelparet der, så mulig at eg kan prøva meg på dei.
Så skal du innom Ullkroken å handla garn før jul kan jo du bli den neste til å få kalenderpakke:)

Damen på Ullkroken tipsa meg faktisk om ein tredje butikk som hadde garn, nemlig blomsterbutikken. Den låg rett bortforbi Sybutikken, men siden den heite noko sånn som Kvist og Kvast, og alt garnet er bakerst i butikken hadde eg jo ikkje sjanse til å lukta at det kunne vera verdt å innom der. Garnradaren slo ikkje ut i det heile. Så når eg etter legebesøket hadde 8 minutter til rådighet før båten skulle gå, spurta eg jo innom her. Og her skulle eg hatt meir tid!


Det var ikkje så veldig mykje utvalg i garn. Helst Du Store Alpakka og Silkeull frå Nøstebarn, men her var det ein del spennande oppskrifter og bøker. Fleire titlar som var nye for meg, masse småhefter av Sys Fredens, samt DSA sine Maskerader. Eg rakk jo ikkje bla i alt, så eg treiv med meg Silkeull og eit hefte med stripeoppskrifter, og så var det bare å spurta bort til båten. Dessverre har eg ikkje bilde herifra heller, men er du på Leirvik så bør du innom Kvist og Kvast også.

Det blei nokon meter med lykke i dag gitt....



2 kommentarer:

  1. Så bra at du fant så masse flott garn. Her var det jo litt av hvert. Koselig med adventspresang også.
    Klem

    SvarSlett
  2. Og går du litt lenger opp i Borggata, rett forbi Narvesen, ligg det og ein garnbutikk (Livs synytt) med ein del garn som dei andre ikkje har, bl.a. Hjertegarn, Viking og fleire spennande garntypar. Anbefales :-)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten