lørdag 7. desember 2013

Klara Klegg

Eg og jentene ser jo sjølvsagt på Jul i Svingen, og serien er jo ein god ambassadør for heimestrikka klær. Både huer, genserar og skjerf i mange variantar dukkar opp i kvar einaste episode, og i går hadde Klara Klegg på seg ein superstilig genser!!


Denne falt eg heilt for, men fins det mønster mon tru? Den er jo ikkje så vanskeleg å telja seg fram og laga eit liknande mønster, men fins det eit ferdig hadde jo det vore det beste.


Fekk forresten amerikapost også i går. Stor, mjuk pakke i postkassen. Kva kan det vera mon tru..?


Sjølvsagt, garn frå Webs! Dette er desidert verden beste nettbutikk for garn, utruleg utvalg. Ikkje så verst på pinnar og anna utstyr heller.


Det lilla Baby Milk garnet er så mjukt at det kan nesten ikkje beskrivast. Dette gler eg meg til å strikka med, og ikkje minst sjå om det holde seg fint i vask og bruk.


Men kva eg har tenkt med når eg bestilte det lakserosa?!? Antar at det har sett annleis ut på bildet, for dette er normalt ikkje ein farge eg vil prøva få inn i sortimentet!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar