søndag 29. desember 2013

Garn på flyttefot

Garnet mitt har så vidt starta på flyttesjauen, og det er jo ikkje til å stikka under ein stol at det er snakk om mykje garn som skal flyttast.


Og eg har jo fått nokre spørsmål om kossen eg oppbevarar garnet mitt. Og kossen bur 150 kilo garn? Jo, det bur trangt. Alt for trangt.


Eg har då eit gjesterom nede, men det er jammen godt vi ikkje har gjester som kreve sengeplass for ofte. For sjølv om senga nå står der, så er det ikkje særleg med tumleplass på resten av rommet.


Her har eg nemlig stabel på stabel med plastkassar. Stappa til bristepunktet av mjuke skattar teke desse kassane det mesta av rommet. For eksempel kan ein ikkje opna døra meir enn vel halvvegs, det står eit aldri så lite tårn bak...


Og det er godt eg ikkje har ærend inni dette skapet for ofte, reine flyttesjauen for å komma til..


Den svære plastposen (kjøpt på Europris) kan i alle fall romma eit par-tre barn i alderen 10-12 år, så den er diger. Så vidt eg klarar dra den over golvet når eg må flytta på den. Då med garn, ikkje barn, oppi:)


                                        Oi, jammen hadde det gøymt seg litt under her også.


Og med masse garn kjem det også sjølsagt masse mønster og oppskrifter. Det stakkars nattbordet i furu gir nesten etter av tyngda frå kilovis med bøker, permar og hefter. Godt det er stabla til topps inni også med bøker, så det klarar holda i mot. Og det stoppar ikkje der. Det høgre skapet i skrivebordet er også stappfull av strikkeblader og mønster.


Så spørs det då, kor mykje det blir plass til av alt dette i den nye strikkekroken min..?                   Time will show!

2 kommentarer:

  1. Dann en lesestrikering - hvor en leser en spennende bok - mens resten strikker. Tenker garnet får vinger - det er altfor mange som trenger noe varmt.

    SvarSlett
  2. Herlig!!! Trur til og med at du har meir enn meg. Og eg har ein god del - både garn, bøker og oppskrifter. God flytting!

    SvarSlett