tirsdag 24. desember 2013

Nå er det jul..igjen..

Stooor mangel på julestemning i år. Trudde kanskje den skulle komma når me kom heim til Suldal og alle tinga som eg var vane med frå eg var liten kom på plass. Men neida, julestemninga er like fråverande.


Det kan jo ha litt samanheng med at bakkane er grøne, gradestokken viser 6-7 grader og regnet piskar mot ruta. Det er jo ikkje sånn det skal vera.


Men, jul blir det vel likevel. Grauten er eten, Askepott har vore på skjermen etterfulgt av Timmi Gresshoppe, treet står staseleg pynta og ribbelukta har byrja spre seg i huset.



Sidan dagen starta halv seks i dag tidleg, så har eg faktisk rukke eit par rundar på strikketøyet. Bror min klagde seg her i går at det aldri var nåke lubbar å få, så då var det jo ikkje anna å gjera enn å legga opp. Trur han har gløymt dei tre para han fekk i februar...


Nå får me trø oss inn i finstasen og venta på Nissen. God Jul!

2 kommentarer:

  1. Enig i det med julestemning- litt vanskelig med så mildt og ruskete vær:-) men ja, det ble jo jul allikevel :)

    SvarSlett
  2. Mildt og vindfullt her også Jane, grønt.... Håper du har hatt ei fin jul :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten