torsdag 19. juli 2012

Opning av Martabu

Søndag var første dagen Martabu var åpen for i sommar. Martabu, som er den gamle butikken på kaien i Uskedalen, har blitt rydda og fiksa opp, og er nå ein kombinasjon av kafè, turistinformasjon og salgsplass for brukskunst!




Butikken var open nokre laurdagar i november og desember, og var fyllt til randen av kortreist mat, trearbeider og strikk. Heimelaga bakst og nykokt kaffi var heller ikkje feil i kulden, og salget gjekk for dei fleste strålande. 10% av salgssummen gjekk til Aktivitetshuset i bygda, eit godt tilbod som dei fleste har ei eller anna tilknytning til.








Når Morten Nilsen for eit par veker sidan ringte og lurte på om eg var interessert i å ha nokre av tinga mine for salg her, og om eg også kunne hjelpa til med å vera butikkdama nokre timar, så var eg sjølvsagt ikkje vond å be. Synes det er kjekt å ha ein slik salgsarena utanom dei typiske julemessene som har ein tendens til å hopa seg opp då rett før jul.
Morten og familien har lagt ned ein fomidabel innsats på å fiksa opp Martabu, reve ein vegg for å gjera butikken større, slik som den var originalt, og malt både innvendig og utvendig. Resultatet er jo ein kjempekoselig kafe, idyllisk som få, heilt i sjøkanten. Meir rom Martabu og opniga kan du lesa på www.uskedalen.no.

























Opningsdagen gjekk i alle fall strålande, og varene som eg hadde hanka inn frå fleire sneller solgte veldig bra. (Takk til Zirkona, Monica, Lene og Linda for flotte varer. Kom gjerne med påfyll!)
Det havna til og med eit par vinvesker hos ein av dei tilsette på statsministerens kontor! Ikkje verst. Nysteikte brød og boller og kaffi gjekk også unna som, ja bokstavelig talt varmt hvetebrød, og eg trur detta kan bli ei kjempesuksess gjennom sommaren.
For dei som vil ta turen innom så er opningstidene Lørdag 10-15 og Søndag 9-16.





På strikkefronten så begynte denne veka ganske greit. Mandag var ein strålande dag, tysdag så våkna eg med ein høgreneve som var veldig stiv og vond. Tenkte nå at dette kom til å gå seg til, nåke det slett ikkje gjorde, så i går sløste eg vekk dagen med ein tur til Haukeland.
Stod opp og neven var fullstendig ute av drift, kunne hverken knytta eller strekka ut fingrane. Så det blei bytting av bleier på Madel ved hjelp av tennene, takk og pris at ho ikkje tissa samtidig, og Tor Ove måtte kommma heim for å hjelpa kle på meg. Veldig festlig i ein alder av 32 år og måtta ha hjelp til å knappa buksa og slikt.
Så det var jo bare å setta seg i bilen og kjøra til Bergen. Er så glad for at eg alltid kjem til på dagen når det er slik akutt. Etter 25 minutt og to sprøyter med kortison så kunne eg reisa heim med STRIKKEFORBUD!!! Krise. Var jo ikkje utelukkande strikking da, men eg må holda ledda i ro eit par dagar og avlasta armen. Så her sitte eg då, og seeer lengselsfullt bort på strikketøyet og tenke at i kveld er det nok gått et par dagar i følge mi tidsrekning. Trur ikkje han heilt vett ka han ba om med to dagars avlasting for armen nei...
Som ei lita trøst så var eg innom http://www.garnkurven.no/ og snopa nye rundpinnar i går kveld. Er jo vanlig med ein liten trøstepremie etter å ha vore hos lege/tannlege, så det syntes eg var heilt på sin plass. Kan anbefala denne sida på det varmaste, stort og godt pinneutvalg, gode prisar og ein av dei få butikkane som har ibenholtpinnar. Har du ikkje prøvd ibenholt så er det ein av tinga du absolutt må setta på lista over ting ein bør gjera før ein dør!











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar