søndag 1. juli 2012

Ein liten kjole..

Så var babykjole nummer 3 ferdig. Eller nesten ferdig. Den er fortsatt fuktig etter å ha fått seg et bad i milovatn, og så må eg sy i ein liten knapp i splitten bak. Ganske fornøyd med denne, eige design og strikka i Baby Alpaca Silk frå Drops. Dette garnet blir fantastisk mjukt og godt, og skulle faktisk strikkast på pinne nummer 3,5 sjølv om garnet er ganske tynt. Blei dermed ganske luftig og mjukt.





Og så har eg brukt opp resten av nøstet med Milk & Honey frå Viking. Starta først på ein klut, men etter nokre omgangar fann eg ut at den vart for brei. Så då var det å rekka opp igjen og starta på ny med 15 masker mindre.




Dermed blei resultatet ein nesten kvadratisk klut, i enkel rillestrikk på pinne 3,5. Garnet blei brukt opp, og ingen restar. Hurra!




I dag har eg lagt opp til ein jakke til meg sjølv, så kunne helst tenkt meg å bare sitta strikka. Men, eg har mast på maen om at me må rydda garasjen, så då bør eg vel kanskje vera med eg og. Fristar ikkje så veldig i det gufna regnet, men det kan vel gjera godt å vera ute litt. Belønninga får vera strikking i godstolen i kveld etter at vetlafrøknå har lagt seg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar