lørdag 28. juli 2012

Garnpakke frå junaiten

Endeleg kom garnet eg lot meg frista av sånn i starten av mai. Verdt å venta på. Litt min eigen feil at det tok så lang tid, eg ville nemleg venta på det eine garnet dei var tom for på lager. Kunne strengt tatt valgt å få det i to sendingar eller droppa det sokkegarnet dei var tom for, men neeeeei. Måtte bare ha det, og det var jo slett inga hast. Har jo to-tre (hundre) andre nøster eg kan strikka av enn så lenge...




Sendinga kom frå Webs  http://www.yarn.com  - min absolutte favoritt når det gjeld nettbutikkar. Ingen over, ingen ved siden... Større utvalg skal du leita lenge etter, og dei er veldig flinke med å frista meg i sine nyhetsbrev som dukkar opp i inboxen med jamne mellomrom. Lett å orientera seg på sida, og dei har gode bilder av garnet - superviktig!


Herlige hesplar som eg trur må bli ein kjole til minstejenta - var desse eg bare ikkje kunne la vera å bestilla. Dei var jo tross alt på salg...
Og sokkegarn i herlige haustfargar - multifarga lar eg meg lett frista av...





Har igjen vore på Martabu i dag, kjempekoselig. Lite salg på håndarbeid - men bra på brød og boller og spekemat. Lokalavisa har vore der og i dag, så me håpar at eit oppslag i neste veke skal gjera susen. I tillegg er det Festidalen (musikkfestival) her neste helg, og det kan jo dra litt folk. Nesten så me skal håpa på kaldt ver så me får solgt sokkar og skjerf:)

Nå blir det strikking resten av kvelden - sjølv om fornuften rope at eg burde funne vaskebøtta...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Det oppstod en feil i denne gadgeten