onsdag 25. juli 2012

Knappepakke og omganssjuka

Dei siste to dagane har strikketøyet fått vore heilt i fred omtrent. Det lengste det kom var opp i fanget, men meir blei det ikkje. Har vore så velsigna og hatt ein runde med omgangssjuke. Å fytti katta, ikkje mykje som er verre. Takka meg til både influensa, bihulebetennelse og tannverk, då orkar eg i alle fall strikka litt! Desse dagane har eg enten sjekka innsida av doskåla, eller inntatt fosterstilling på sofaen.  Heldigvis ein god del bedre i dag, så nå skal pinnane fram igjen!



Kom sånne kjekke, små konvoluttar i posten i går. Merkeleg nok så var dei sendt rekomandert, det skulle ein tru var unødvendig for nokre plastknappar?


Dette er resultatet etter ein sein kveld innom e-bay og knappeavdelinga. Så enormt masse fint, og ekstremt rimelig. Og passar ein på å velgja dei som har gratis forsendelse, så helde den prisen seg låg til tross for at knappane kjem både frå Tokyo og Shanghai. Knappar som ein normalt må betala både 10 og 15 kroner for her, kostar rundt 50 øre for. Slikt kan ein lika.



Ikkje så lett så skjønna kva som står på pakkseddelen, han jobba litt han i postskranken gitt..





Dei forrige knappane eg fekk har fått plass i eit stort norgesglas, og ein kan bli i godt humør av mindre. Fin pynt som eg gjerne kviler augene på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar