fredag 20. juli 2012

Må eg verkeleg rekka opp?

Nesten ferdig med vest nummer to i Andes frå Drops. Tenkte at eg skulle få brukt opp dette garnet som har lege i eit par år nå, og vesten var perfekt for oppdraget. Til den minste størrelsen, 1 år, så brukte eg litt over eitt nøste, og tenkte at eg hadde meir enn nok med nesten tre nøster til største størrelsen som er 7-8 år. Der tok eg jammen feil. Har strikka og strikka, og har tre rundar igjen før avfelling, og så er det søren meg tomt for garn.




Har prøvd ulike strikkeforum for å spora opp om nokon hadde ein rest liggande, men responsen har uteblitt. Grr... Ka gjer eg nå da? Juksar det til med ein anan farge i halsen? Nei, juksing er ikkje for meg.. Må eg verkeleg rekka opp fleire dagar med strikking, nå når eg i tillegg er på etterskudd grunna et veldig ubeleielig strikkeforbud?
Gruble gruble... går snart varmt under topplokket...




Nei, eg MÅ gjera ting skikkelig - opprekking in progress..... Blei eit himla digert nøste av dette, men det var nok det rette å gjera. Sjølv om det sitte laaangt inne å rekka opp et nesten ferdig plagg. Men irritasjonen over å ikkje få det etter oppskrifta i halsen var sterkare enn sorgen over å måtta la mange timars strikking gå til spille.
Så då var det på`an igjen.. Håpar den kan bli ferdig i løpet av ei laaang strikkeøkt i kveld.





Heldigvis så kom det litt trøst i posten i går. Oppskrifter og garn frå Danmark. Ein herlig nettbutikk som eg tilfeldigvis snubla over. http://www.butikparadiset-shop.dk/
Fekk nemlig eit lite oppskriftshefte frå Danmark når Monica kom frå ferie, og inni her var det utruleg mykje fint. Søkte på forfattaren og kom då fram til denne butikken som hadde eit stort utvalg av oppskriftsbøker.




 Kunne ikkje bla inni bøkene på nettsida, så eg var spent når pakken kom. Boka av Susie Haumann "All you knit is love" var et høgdepunkt, utruleg mange flotte og enkle oppskrifter til barn. Denne dama kjem eg garantert til å kjøpa meir av.
Resten av pakken skuffa heller ikkje, er spesielt spent på garnet frå Isager med hamp og ramie. Måtte bare ha det pga fargen, og så er det jo ikkje tidligare utprøvd!





Så ein takk til alle som kikkar innom skribleriene mine, kjekt å sjå at besøksteljaren tikkar oppover. Del gjerne sida på fb! Vil du følgja bloggen min finn du dette i høgre marg!

2 kommentarer:

  1. Men hvorfor måtte du rekke ned så langt???
    Takk for tips ang nettbutikk - den skal sjekkes ut :) Ha en fin strikkekveld!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tenkte det var lurt å rekka opp heile sånn at både øverste del og underste del blir i samme størrelse. Sidan eg ikkje hadde nok garn til str 7-8 år, så blir det nå ein i størrelse 5-6 år. Der var det 8 masker mindre i vidden, så då måtte nok alt rekkast opp igjen. Må ha ting på stell!

      Slett

Det oppstod en feil i denne gadgeten