mandag 2. juli 2012

Halvårsrekneskap i garnlageret

Sidan me nå er halvvegs i året, og det faktisk nærmar seg jul igjen, så har eg tatt ei aldri så lita oppteljing over forbruk og innkjøp i garnlageret. Har ein tråd på eit anna forum, Norge123, som eg så fint har kalla: Jane slanke garnlageret 2012. Det navnet burde eg ha bytta for lenge sidan, og etter å ha sett halvtårsresultatet så burde det egentlig bare ha blitt forbigått i stillhet!
Jaja, sannhetens time er komt. Så langt i år har eg strikka opp 3762 g med garn. På innkjøpssida har eg derimot vore mykje flittigare. 32450 g, og nei, det er ikkje ein null feil her!  Eg MÅ  jo presisera at nåke faktisk er gaver, sånn kanskje omtrent 700 g.
 Nei skrekk og gru, lure på ka det lageret mitt egentlig er på nå. Det får eg jammen rekna på ein anna gong, trur ikkje helså holde til å vita svaret der!





I tillegg har det blitt veldig lite strikking dei siste dagane, får så alt for lita tid. Stadig nåke mat som må lagast (*KJEDELIG*), klesvask opptil fleire gonger i døgeret, og i tillegg så er eldstejenta ikkje i form så nytt legebesøk var påkrevd i dag. Nå lure di på enten borreliasmitte eller Cøliaki. Får bare håpa dei finne utav det. Stakkars tynna fliså har mista nesten 10% av kroppsvekta på ei veka.





Så til nåke mykje, mykje koseligare! Fekk ein gledelig overraskelse i posten på lørdag. Ein heile neve med nydelige knappar. Og det bare fordi eg hjalp ei strikkesjel med å få sendt noko garn. Så Jenny, tusen, tusen takk for nydelige knappar. Har aldri sett liknande, og dei tek seg ekstremt godt ut i knappeboksen min!

1 kommentar:

  1. Uff, jeg orker ikke tanken på garnopptelling jeg. Vet at jeg har aaalt for mye... Velger å lukke øynene litt til :) Det garnet du viser fram her ser jo knallfint ut! Syns ikke du skal ha dårlig samvittighet for det :) Knappene var utrolig fine også! Lykke til med eldstejenta! God sommer :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten