lørdag 14. juli 2012

Ein begynnande knappomani?

At eg lid av Ullemi er det ingen tvil om, men no trur eg jammen at ein knappomani også er i ferd med å utvikla seg. Og det er ein blogg som er skuld i det. Var ei som skreiv at ho hadde handla så masse rimelige knappar på e-bay, og dette måtte jo sjekkast ut. Så ein mørk og stormfull aften, når eg egentlig burde lege under dyna, så klikka eg meg inn på e-bay - buttons....



Ein kan bli "tilknappa" av mindre:)


Å himmel og hav, for et uendelig utvalg av knappar! Så masse fint, og ikkje minst rimelig. Kunne jo sete heila nattå. Det første som poppa opp var knappar i lausvekt, som eg ikkje klarte å motstå. Trur prisen var 16 dollar for dette lasset her, og det var ei eventyrferd å kikka gjennom.





Men for å gjera det litt enklare, kunne jo ikkje sjå gjennom alt, så begrensa eg søket til det som kunne kjøpast med ein gong utan auksjon, og gratis frakt. Likavel var det mange sider å mysa gjennom.
Bare litt av det har komt, ventar fortsatt på Hello Kitty knappar frå Shanghai og malte treknappar frå Hong Kong. Spennande veka eg går i møte på postfronten!




Men eg har då strikka litt og. Har jo prøvd å få bukt med desse bomullsgarnrestane, men på botn av strikkeveska låg to små bandittar. Eit nøste med mørkeblå Paris og eit trekvart nøste med mørkelilla bomull, som ikkje ville seia kva type garn det var. Sidan ingen av nøsta aleina var nok til ein klut, måtte eg prøva finna ein måte å få brukt dei på som ikkje laga ei så alt for skjemmande bakside. Løysinga vart rillestrikk med fargebyte på kvar rille. Då slapp eg trådfesting, og baksida blei ganske fin. Kanskje dette hadde vore ein idê for eit babyteppe. Rillestrikk i to duse pastellfargar? Ideen er notert på "to-do" lista mi...





I tillegg så har eg tutla i samen ein vest. Oppskrift frå Pickles http://www.pickles.no/enkel-vest/
og garn frå Drops. Mønsteret heiter Enkel vest, og den gjer slett ikkje skam på navnet sitt. Ingen montering eller masse trådfesting, og modellen er fin på.





 Strikka i Andes på pinne 5,5, men på neste utgåve, som alt er under produksjon, så har eg gått opp til pinne 6,5 for at den skal bli litt lausare i fisken. Knappane fekk eg med i ein treknappepakke som eg handla i hobbyklubben.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar