fredag 27. juli 2012

Klut og knapp!

Sjå kva som skjulte seg inni dei tre brune konvoluttane som kom frå Asia her om dagen! Herlige, herlege knappar, både i plast og tre. Kan ikkje visa alle for seg, men sjekk den haugen da! Trur eg må sjå meg om etter eit lite skrin å ha dei i, i alle fall dei eg har fleire av. Kan jo ikkje driva endevenda to store norgesglas kvar gong eg trenge tre knappar som er like! Kanskje sånne små skrin til skruar som dei har på Europris hadde vore ein idè...



Som om eg ikkje hadde bestilt meg nok knappar, så kom det jammen ein liten haug frå Fru. Myklebust! Herligt! Ser for meg kva eg kan bruka dei til, kva garn dei vil gå godt i lag med, og den eine er alt bortlova til ein liten babytopp.




Og så komme Lene, snille damen, med ein skikkelig godbit av ein "byblom" etter at ho hadde vore i Bergen. Stor pose med mix av knappar, var det bestemormix ho kalla det tru? Og her var det mykje lekkert, og mange dtevar 5-6 like av.
Maen kom heim når eg hadde spredd herligdommen ut over kjøkkenbordet, og han rista på hovudet og seie så fint:" Er det ikkje garn så er det knappar! Kjeme aldri til å få bruk for alt dette.."
Men joda, det har eg jammen store planar om!



Kluten eg hadde på pinnane når eg var sjuk er ferdig og skal pakkast klar til Martabu i dag. Garnet eg brukte her var eit Tilda-garn med blanding av bomull og akryl, og eg har ikkje den fjernaste anelse om kor eg har fått det i frå.
På pinanne har eg nå raggsokkar, påfyllingsforsøk til Martabu, sidan det har gått med så mykje sokkar og tøfler i det siste!



1 kommentar:

Det oppstod en feil i denne gadgeten