søndag 22. juli 2012

Ein vest til besvær

Nå trur eg snart at den såkalla enkle vesten frå pickles.no kjem til å gi meg grå hår.
http://www.pickles.no/enkel-vest/
Så kjapt og greit babyutgaven gjekk, men nå når eg ville strikka den større så har det nærmast blitt et evighetsprosjekt!
Skreiv jo i sist blogg at eg mangla 3-4 omgangar før avfelling når eg gjekk tom for tråd. Rakk opp heile og starta på ny, i ein litt mindre størrelse. Og eg har strikka så pinanne har gått varme, og sånn litt over 1 i natt så var eg ferdig.





 Strikka heilt etter oppskriften, trådane var festa og eg skulle sy i knappane. Men, så var eg slett ikkje fornøyd. Fasongen blei jo så annleis enn på den minste størrelsen. Nå var plutselig det rillestrikka bærestykke så dominerande, og gav slett ikkje den elegante fasongen som eg hadde sett for meg. Og den nederste knappen blei for langt nere, såg ut som den hadde sklidd ein etasje for langt..


Trådane var veeeldig godt festa

Så ka gjere Jane då? Joooo, hu rekke opp - på ny. Og jammen hadde eg festa trådane grundig gitt, ikkje snakk om at dei hadde rakna opp av seg sjølv. Rekte opp heilt ner til første felling, og starta på ny frisk. Trur klokka var sånn omtrent kvart på to, men då var eg så irritert på den hersens vesten at eg skulle i alle fall ikkje gi meg på tap å gå å legga meg uten at den var ferdig.

I oppskrifta stod det at ein skulle strikka 9 pinnar mellom kvar felling, noko eg reduserte til 3, og i tillegg droppa eg den siste fellinga før avfelling. Nå blei det ein nettare vest, knappane ser ut som dei er der dei skal og eg kunne fornøyd gå å legga meg rett før 03 i natt.



Blei eit mykje betre resultat med eit kortare rillestrikka stykke, Garnet er Andes frå Drops - pinne 6


Forresten veldig fornøyd med desse lekre knappane eg brukte til vesten. Kan faktisk ikkje huska om dette var e-bay-knappar eller nokon eg fann på epla. Men trur det var e-bay... Visste forresten ikkje før i starten av denne veka at epla også hadde ein avdeling for materiell der det var veldig masse fine knappar... ja da, det blei et par små kjøp, men ikkje meir enn ein 20 knappar totalt.

2 kommentarer:

  1. Strikket en gang en vest som til slutt ble kalt "Forbannelsen"..... Rakk opp igjen mange ganger før jeg ble fornøyd - så det minnet litt om dette. Jeg ble fornøyd med resultatet til slutt - og det kan du være også!
    Veldig fin og nett vest :-)

    SvarSlett
  2. Flinke du er Jane
    Vesten blei kjempe fine. Kjenne meg igjen. Nei legga seg mitt i ein slik irritasjon kan itje nytta-Føle Blode bobble i kroppen :)) Du hadde nok itje fått sove allikavel :) ) Vesten blei knall fine Nå kan du slappa av ;)

    SvarSlett