tirsdag 24. juli 2012

Mjuke booties

Så var endeleg knappane komt i desse søte, små babyskoa. Strikka ein kjole her for ei tid sidan i Baby Alpaca Silk, og ho som hadde bestilt den ville også ha sånne booties med.



Først strikka eg rundt på settpinnar i staden for å laga klaffen med knappar, men dåke kan jo sjå kor horribelt stygt det vart i overgangane frå pinne til pinne. Ikkje klarte eg å retta det med å stramma tråden ekstra heller, så då var det bare å rekka opp. Kan jo ikkje gå frå eit arbeid sånn!



Så med ny frisk starta eg på igjen, og resultatet blei ganske bra. Fekk hjelp til den fine heklekanten av Linda, tusen takk! (Eg må seriøst læra meg å hekla, prompte!) Og heklekanten gjer at bootiesane på ein måte kan regulerast i vidden, dei kan knappast både i knapphola og i heklebuane.

Oppskrifta er ein avart av Stay-on Baby Booties som du kan finna her: http://www.ravelry.com/patterns/library/stay-on-baby-booties-archive

Garnet er Baby Alpaca Silk frå Drops. Eit grådig mjukt og godt garn, men gir eit litt ujamt resultat. Ein kan med fordel gå ned ein pinnestørrelse dersom ein strikkar laust!
Garnet kjem i nydelige fargenyansar og hårar mykje mindre enn vanleg alpakka.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar