fredag 6. juli 2012

Ein mordar i gangen

I går hadde eg planen klar, men, det går jo aldri som eg har planlagt. Etter ein lang, varm dag var ungane nydusja og fôra, støvsugaren var trimma og minstejenta i seng. På veg ner trappa for å følga eldstejenta i seng, kvilte eg litt på mine husarbeidslauvbær, og såg fram til ein kveld med bare strikking og tedrikking med god samvittighet siden huset såg presentabelt ut.

MEN, vel nere, hva skuer mitt øye? Ein brun, slimete, ekkel, motbydelig, krekslig, kvalmande brunsnegle! Ein Arion vulgaris inne på MITT golv! Eg hadde mest lyst å legga meg ner på golvet å hyla, men så kom eg på at den ekle saken antagelig hadde krøpe rundt på det golvet. ÆÆÆSJ!




Det fins jo ikkje nåke eklare enn desse slimete mordersneglane, og eg hadde nå slett ikkje invitert den vemmelige saken innomhus! Så mi dyrebare strikketid blei nå bytta ut med eit par timar golvvask inkludert slimfjerning. For, den hadde jo hatt seg ein runde sjølsagt, med slimstripå si!
Antagelig har slimålen fått gratisturen inn på ei leikebøtta som blei tatt inn og satt på skohyllå. Og derfrå har han hatt seg ein sveiv over dei fleste skoå, så ned på golvet, og vidare bortover heila golvet og så har den ikkje orka meir og enda sine dagar under trappå. Der låg an nemlig, død og lettare innskrumpa. Håpar det var ein lidelsesfull død, for det var ein lidelse å få skrubba vekk det slimet den så raust hadde lagt i frå seg.

For den som har prøvd å vaska snegleslim veit at det ikkje nyttar med ein klut og grønsåpevatn nei. Etter tre rundar med langkost, filla og grønsåpevatn, var slimstripa like synleg og glatt den. Så då spraya eg heile golvet med ajax, masse ajax! Blanda nytt vaskevatn med klorin, og vaska, skrubba og vaska. Kan her legga til at utetemperaturen var sånn omtrent 25 grader.
Etter 9 rundar kunne eg endelig konkludera med at alle sneglespor var utrydda, og eg hadde brukt opp både all energi og strikketid. Så viss TV-aksjonen i år skal samla inn penger til å utrydda sneglar så skal eg gi meir enn eg har gitt tilsaman heile livet mitt!


Kjole og booties strikka i Baby Alpaca Silk frå Drops


Så jakken min har ikkje vokst meir på pinnane, den ligge der så fint og seie ingenting. Men babysettet som var bestilt har reist avgårde med Posten, og eg trur varianten på bootiesane med påfuglribb på leggen var ei bra løysing. Håpar i allefall mottakaren synes det. For sikkerhetsskyld så lage eg et par standar som eg kan ettersenda, viss sneglane helde seg vekke og eg kan få strikka litt i kveld!



5 kommentarer:

  1. Det var et kjempefint sett du har strikka! Får til det meste du :-)

    Det er ei plage med disse sneglene, håper du slipper flere på besøk :-)

    SvarSlett
  2. Utrolig søt kjole!!! HAr du noen link til mønster???

    Flytt nordover... her slipper vi stor snegle innvasjon;)

    God helg!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for at du kikka innom bloggen min. Kjolen fins det ikkje mønster på, det har eg laga sjølv.

      Ha ei fin helg, og kikk gjerne innom bloggen min igjen!

      Jane

      Slett
  3. Hei! Jeg fikk lyst å legge igjen kommentar på alle de tre siste innleggene dine - du skriver så morsomt! Jeg flirer av at du har kjøpt over 30kg garn i år og at du kaller mannen din "han jeg deler huslånet med". Dødsbra humor, helt i min gate. Supersøt kjole også og de sneglene er noe dritt, helt enig :D God helg til deg i Uskedalen!

    SvarSlett
  4. uhyggelig med ubedne gjester gitt! :-(

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten