fredag 1. november 2013

Det varmar eit morshjarta...

Det er omtrent tre minutter igjen av oktober, og hausten piskar på rutene og ular rundt hushjørna. Endeleg kom hausten skikkeleg. Nå har eg jo venta og venta på litt kjøligare dagar og ein real hauststorm, så nå må eg sei meg særs nøgd.



Men på ein ruskete haustkveld går det jo an å sysselsetja seg med noko av det mest fornuftige eg veit om. Og ingenting varmar vel eit morshjerta meir enn når eldstejenta syner eit snev av interesse for garn og pinnar.


Den trege mammaen fekk også endeleg sydd knappen i mobiletuiet som dottera laga i august(!). Så me var egentleg særs nøgde begge to.


Halloween har me ikkje merka så mykje til. Ingen her i huset ville ut å tigga, og me har heller ikkje hatt nokon på døra. Været, i kombinasjon med ein lang, mørk bakke ned til huset er nok forklaringa.
Men kanskje me voksne i huset burde ha vurdert denne varianten her...?

 
Og der var jammen oktober over den...
 

3 kommentarer:

  1. Heisann!
    Koseleg blogg frå deg.
    Det er mest så ein kjenner kor godt det er å sitje inne med handarbeid ein slik dag. Kjekt når den yngre generasjonen får augene opp for garn og pinnar!
    God helg til deg og dine!
    Helsing Liv i Sveits

    SvarSlett
  2. Ja, no er vel hausten her for fullt, til di store glede. Koseleg med skikkeleg ruskevær når ein sit trygt og godt i eit varmt hus og slepp vera ute.

    Så kjekt med ei jente som kan kosa seg med strikkepinnane saman med mamma. Lover godt for framtida. Eit fint mobiletui ho har laga.

    Ønskjer deg ei fin helg

    SvarSlett
  3. Godt å høre at du er i farta igjen, og koselig når ungene blir med på morroa.
    Morsomt å lese innleggene dine. Du skriver så levende om opp- og nedturer.

    SvarSlett