onsdag 29. mai 2013

Fifty Shades....

* det advares mot sterke bilder i dette innlegget - anbefales ikke for barn*

Eg er skikkelig utav strikkerytmen om dagen, det begynne rett og slett å bli plagsomt. Dei to siste vekene har det blitt minimalt med strikking, og nå begynne det faktisk plaga meg litt. Litt av grunnen er nok at det har vore mykje som har foregått og då finne eg ikkje roen, og så har jo sommaren liksom komt for fullt. Brått og brutalt, det fekk eg erfara på søndag...

Med tomt hus så skulle eg legga meg litt ut på terrassen med ei god bok. Eg skulle ikkje ligga lenge, men tenkte eg skulle starta på dei mykje omtalte bøkene "Fifty Shades of Grey". Sjølv om desse har blitt snakka opp, ned og i mente i alle medier, så har eg endå ikkje lest dei. Lesetørken det siste året er nok mykje av grunnen, men då dei kom på Ark sitt boksalg, så slo eg til.


Eg rigga meg til, heiv på meg ein shorts for anledningen for å slå et slag mot blåkvite leggar, og dukka ned i boka. Plutselig var det gått nesten to timar, boka var med andre ord ganske fengslande, og dei fleste vett ka to timar i steikande sol midt på dagen gjer med vinterbleik hud...


Snakk om å enda som Fifty Shades of Red!! Dette var på søndag, og eg ser nå sånn ut. Dåke kan jo tenka kossen mandag og tirsdag fortona seg. Det var ikkje snakk om å tre på seg nåken strame bukser nei. Ryggen ser ganske lik ut, så eg har følt meg litt skyld i global oppvarming dei siste dagane. Antagelig så burde dette innlegget vore sponsa av ein eller aen solkremreklame...

Posten i går hadde heldigvis litt trøst til meg. I ein blogg kom eg over ei strikkebok, Knit for your kid, som såg veldig fristande ut. Eg har, som sikkert alle har skjønt, ein ganske låg terskel når det gjeld å handla strikkebøker. Googla bokå og fant ut at den hadde dei på Pinnsvindesign, og to dagar ettrpå hadde eg den i postkassen.


Eg blei vel ikkje yr av begeistring når eg bladde gjennom den, men den er grei nok og verdt pengane. Den har gode basismodellar, og fleire monteringslause variantar. Susie Haumann som er damen bak, har eg jo vore borti før, og eg har sans for stilen hennas. Det eg var mest skuffa over var at samtlige modellar faktisk var avbilda på framsida, det var ikkje fleire, og det er kun overdelar.
Terningkast 4.



3 kommentarer:

  1. Nei og nei, Jane. Uff, eg tykkjer eg kjenner det!
    Eg har opplevd nett det same meir enn ein gong. Og vert ein klokare med åra? Vel, - det er eit godt spørsmål. Eg er nesten dobbelt så gamal som du og opplever lignande skrekkscener igjen og igjen.
    Håpar fargen går over til brunlig etter kvart og at du brukar solkrem neste gong. ;)
    Lykke til!

    Helsing Liv i Sveits
    (Her hadde vi nysnø og temperatur ned mot nullpunktet i dag tidleg.......)

    SvarSlett
  2. En god reklame for boka ihvertfall! :)

    SvarSlett
  3. Auda, det hørtes ikke godt ut Jane, uff...syns jeg kjenner det der.... Håper også du får roen over deg igjen til litt koselige stunder med strikking - lider litt av samme skjebne her også no, så mye som skjer.... God helg da, kos deg så godt du kan :) hilsen Rigmor

    SvarSlett