torsdag 26. april 2012

Hyttestrikking

Pappa har bygd seg hytta, faktisk noko av det luraste han ha gjort på lenge. Hytta ligg i Suldal, og er ei skikkeleg hytta med utedo, vatn i bekken og ingen straum!




Så i helga var eg og jentene på ein aldri så liten hyttetur. Sol, snø, skigåing og aking gjorde det til ei strålande helg for alle. (Det må her presiserast at både når det gjeld  skigåing og aking var det jentene som stod for mesteparten av innsatsen)  Scooterføre til døra, mildt og fint i været og jammen traff me ikkje på dei tre reinsdyra som har holdt seg i heiane der i fleire år.






Eg hadde store planar om å strikka ein heile haug, men sidan mamma ikkje var med måtte eg altså fungera som kokk, og då gjekk det hardt ut over strikketida mi. Det vart ein knall grøn klut om ikkje anna, i eit eller anna bomullsgarn som ikkje hadde mageband, med andre ord ganske anonymt.
Matcha den forrige kluten.. Kanskje dette må bli hytteklutar rett og slett.





 Trass litt lite strikketid så var det ei super helg, ikkje minst for jentene, så då får eg heller ta igjen strikkinga her heime. Har lagt igjen både sytøy og strikkepinnar og garn på hytta, så treng eg aldri bekymra meg for å havna der utan strikketøy!

1 kommentar:

  1. Viktigt med garn på hytta. Ingen fare om ein gløymer å ta med seg strikketøyet då. Eg har i korger og kassar på hyttå. I går fant eg ut at der var jammen meg adle 2,5 rundpinnane mine forsvunne på hyttå og eg sat her heima uten:((

    SvarSlett