mandag 30. april 2012

Garnfarging i panner og gryter

Lørdag virka som ein strålande dag til garnfarging, så eg og eldstejenta tok turen opp i Øvre Halsane til Lene og Kristiane.  Eg hadde med norgesglas og farge, Lene stilte med store gryter og nysteikte kanelboller. Ei strålande ordning spør du meg!




Sidan det ikkje er noko farlege stoffer hverken i Kool Aid eller konditorfarge, kunne desse yngste også farga garn. Ein super aktivitet, sjølv om dei syntes det vart litt mykje venting når garnet skulle avkjølast.




Me hadde mykje garn som skulle fargast, trur me hadde 14 rundar anten i gryter eller steikeomn, både ullgarn, bomull og akryl. Syntes fargane vart mindre djupe med konditorfarge, og held ein knapp på Koll Aid farging enn så lenge. Det visar seg og at ullgarn, eller blanding ull/nylon tek best farge. På rein akryl vart fargen mykje meir blass, men ikkje fullt så ille som bomull.




Eg hadde med det lyserosa bomullsgarnet som ikkje tok farge sist, men det var ikkje særlig mykje bedre denne gong. Er tydeligvis et eget triks for å farga bomull, det må det finnast utav!
Ellers vart fargespekteret stort, og me farga både rosa, kvitt, blått og gult garn.




Her heng alle dei herlige hespane til tørk, og eg gler meg til å nøsta dei opp og visa før og etterbilde.






På pinnane mine no er dressen til Madel, som var ferdig, men hadde litt lange bein. Så dei blei klipt av og ny vrangbord er under utarbeiding! I morgo startar salget til Drops.. her må ein stålsetja seg...

5 kommentarer:

  1. Ååh,kor mykje flotte farga.såsprekt det i grønt og gul nyanser :)

    SvarSlett
  2. Knallbra!!!Blei nesten litt inspirert:)

    SvarSlett
  3. Hei. Gledar meg til pakken min kjem i postkassen frå junaiten:) Ser utruleg kjekt ut:)

    SvarSlett
  4. HEJ OG HÅ FOR EIN TÅLMODIGHEIT I MÅ HA SOM FARVE GARN! MEN FLOTT BLE GARNET DET SER EIN! FLINKE I ER:-)
    KLEM TONE LILL

    SvarSlett
  5. Å så fine. Sitter akkurat å gjør meg klar for farging, ser jo så spennende ut :) Gleeeeeeeeder meg :)

    SvarSlett