fredag 30. august 2013

Garnkrise

Eg var heilt sikker at eg hadde putta 4 nøster Andes i veska før eg reiste til fjells. Eg sjekka derfor ikkje meir før eg la opp og starta på vest nummer to. Det skulle eg visst ha gjort.


For når eg kom heim og skulle strikka ferdig vesten var eg plutselig tom for garn. Eg endevendte alt eg hadde pakka ut, sjekka sidelommar og alle tenkelige smårom, men det har tydeligvis bare vore tre nøster. Eg var verkeleg tom for garn!


Han eg dele huslånet med meine at med over 100 kg garn i hus så er akkurat det komplett umulig. Men eg var altså tom for perlegrå Andes, og på dessa vestane går det ikkje an å juksa det til med andre garntypar eller fargar.
Men, ingen umiddelbar krise. Me har jo Strikkesida på Facebook. Og som regel så er det ein av dei 31400 strikkande damene eller karane der som kan hjelpa. Også denne gongen. Gjekk ikkje mange minuttane etter at eg hadde lagt ut garnetterlysingå før garnet omtrent var på veg.


Bare et par dagar etterpå låg det pakke i postkassen min! Tusen, tusen takk Elisabeth i Førde, som sendte garn sånn at eg kan få gjort ferdig vesten!


I dag blei det hverken gåtur eller nåke særleg med strikking. Naboen fann nemlig ut at det var ein fin dag å fyra opp et helsikes bål siden vindretningen stod rett mot huset mitt. Me blei bokstavelig talt røyklagt, alt av vinduer og ventilar måtte lukkast. I tillegg så dekka han terrassen, gardsrommet og trampolina til ungane med svære, svarte askeflak. Heilt ærleg så syntes eg at det var andre enn meg som burde stått og spylt trampoline og terrasse i kveld. Den tidå burde nemlig eg brukt på strikking:)
 Så nå skal eg prøva ta rådet frå Åshild om å laga meg ein stor kopp te, senka skuldrene, og strikka for å finna att kvilepulsen!

3 kommentarer:

  1. Så flott at du no kan gjera ferdig vesten din!Kjekt at det er hjelp å få når det knip om nok garn. Og så håper eg at du fann att kvilepulsen og har hatt ei god natt søvn!

    SvarSlett
  2. Nydelig vest. Du friste til å prøva det garnet. Må le litt eg og når du av alle - får garnkrise! Lukta svidd av sista avsnittet, og forstår godt du vart sint på naboen din. Nei, eg vil ikkje byta, for min nabo har så monge plommer å tilby ;)

    SvarSlett
  3. Uff, lite tenkt av naboen da gitt. Eg hadde vel blitt rasande og ringt brannvesenet:))))))))
    Kjemefine dei vestane du strikkar.

    SvarSlett