fredag 23. august 2013

Et lite Mariusmareritt

Som eg skreiv tidlegare så måtte eg jo til med nokre kreative krumspring for å komma i mål med restetunikaen etter Mariusstrikkinga. Halvvegs på mønsteret gjekk eg tom for blått garn, og resten av rundfellinga måtte bli etter innfall- og fantasimetoden.


Eg var veldig redd for at det raude skulle dominere for mykje, og prøvde derfor snika inn ein god del kvitt. I tillegg så tøyde eg jo den siste meteren med mørkeblått så langt eg kunne, faktisk litt for langt. Eg måtte klippa av tråden som eg brukte for å legga opp, og skøyta den inn for å komma i mål på siste runden. Huff, mykje skrek og lite ull, tenk at eg måtte festa to trådar ekstra!!


Eg har kutta ganske mange omgangar i mønsteret, av fleire grunnar. For det første så blir den alt for høg i halsen på dei minste størrelsane om ein følger oppskrifta til punkt og prikke. Ein tunika med slik rundfelling blir finast om den ligg litt nede på kragebeinet, då klør den heller ikkje mot hals og hake for dei som lett klør av ull.
For det andre så minka det som sagt på den marineblå, og eit mønster kun med raudt og kvitt over for mange omgangar trur eg hadde sett snodig ut.

Men, med litt fri fantasi, nokre hjerter og eit utvalg av mønsterrapportane frå det originale mønsteret kom eg altså i mål. På et vis. Og mønstermessig vart eg fornøyd, synes eg klarte balansera fargane bra til tross for lite blått.


Heilt fornøyd var eg likevel ikkje. Med tre fargar og lange fargeskift blei skøyten utruleg stygg. Ujamn og hakkete, og i tillegg fekk eg nåken rare, lause løkker på baksida av arbeidet. Slik kunne eg jo ikkje ha det!
 


Halskanten vart og for stram, til tross for at eg hadde fleire masker enn eg skulle når eg felte av. Eg brukte større pinnar enn eg skulle, OG eg fellte av med annankvar maske rett og vrangt. Då burde den faktisk blitt vid så det holdt!


Noko seie meg at oppskrifta er ganske på bærtur når det gjeld avfellinga, eller så har dei satsa på at alle små jenter blir født med eit utruleg smalt hovud og små øyrer.
Etter å ha tatt opp igjen to ganger så orka eg ikkje foholda meg til heile halsfellinga lenger, og tok den med ut til "nødsentralen" hos Linda! Håpte jo at ho hadde ein trylleformel for den stygge skøyten og dei snodige løkkene også.

Ho kasta et raskt blikk på tilfellet og kom med diagsnosen. Me syr og klippe opp langs skøyten, og så strikke du inn knappestolpar. Eg såg sikkert litt skrekkslagen ut, for hu tok på seg ei veldig overbevisande mine når ho gjentok planen.
Og eg kasta meg lika godt uti det, eg var jo ikkje fornøyd med den slik den var, og det fins ikkje noko verre enn å ha eit mislykka strikkeprosjekt hengande over seg. Det truar som ei mørk sky over strikkelysta mi om eg har gått i frå eit prosjekt eg ikkje er fornøyd med, eller at eg har måtta gi opp noko. Eg får ikkje ro i sjela då. Og eg er så gal at eg heller kastar eit plagg enn å gi det frå meg utan å kunna stå inne for alt arbeidet på det!


Linda klippe og syr, så vidt eg tør sjå på. På ein måte litt betryggande å ikkje ha symaskin. Går slike prosjekt som dette gale har eg då ein syndar eg kan skulda på...


Så, etter sy, klippe og konsulenthjelp frå både aust og vest sitte eg igjen med ein tunika eg er fornøyd med. Den har ingen skeiv skøyt, den går an å tre over hovudet, og har ingen rare, lause løkker på innsida. Eg valgte også å sy fast den vetle vrangborden  som med litt godvilje kan kallast arm, for å unngå at den krøllar seg når plagget blir vaska. Sidan eg alltid feller av eit par masker ekstra under armane unngår eg likevel at den blir for stram rundt overarmen.
I tillegg så gjorde eg eit godt knappevalg om eg skal sei det sjølv!


Faktaboks:
Sisu er fortsatt ingen favoritt.
Strikka i ca str 2 år. og det gjekk med 134 g garn
Tunikaoppskriften har for langt bærestykke og er for smal i halsopninga.
For lange fargeskift på baksida blir bare trøbbel.
Gode, strikke og sy-kyndige venner kan vera kjekke å ha!

10 kommentarer:

  1. Eg synes du har gjort en kjempefin jobb med denne tunikaen - et godt eksempel på ny bruk av gamle mønstre :-)

    SvarSlett
  2. For ei fantastisk arbeid du har gjort. All grunn til å være kjempe stolt av resultatet. ;) Syns den ble kjempe fin!

    SvarSlett
  3. For et arbeid, og for et nydelig resultat Jane :) kjempefin, og kjekt med en hjelpende hånd, Linda er vel ikke sen om å strekke ut ei hånd ;) God helg!

    SvarSlett
  4. Du løyste det veldig bra med fargane på mønsteret, det blei kjempefint!
    Gode naboar er og godt å ha! Linda får det til, det var smart med knappestolpe :)
    Resultatet blei ein unik, flott tunika!!

    SvarSlett
  5. Det ble jo et fantastisk bra resultat! Både mønster og knappestolpe er veldig fint. Og så kjekt med gode håndarbeidsvenner :)

    SvarSlett
  6. Personlig synes eg denne er finare enn Marius. Fine border du har laga og knappestolpen gjer tunikaen endå meir unik. Eit skikkeleg "designplagg" dette Jane! Kjekt når frustrasjon kan enda i slik suksess:

    SvarSlett
  7. Selv om det var et trøblete prosjekt, så kan du i alle fall trøste deg med at den ble KJEMPEFIN! Finere enn tradisjonelt mariusmønster, synes jeg :)

    SvarSlett
  8. Så godt å kjenne ei som har symaskin som ho kan bruke! Fin tunika.

    margrete:-)

    SvarSlett
  9. Jeg må virkelig beundre ståpåviljen din altså! Jeg hadde mistet motet av mindre! Den ble kjempefin! :)

    SvarSlett
  10. Resultatet er bare så herlig bra!!!
    Mønsteret ditt virker litt nettere enn det originale spør du meg...
    Og hjerteborden gjorde susen :)

    SvarSlett