torsdag 29. august 2013

Eit evig rot...

Eg skjønnar ikkje korleis det går til. Synes eg ryddar stadig vekk, puttar på plass både oppskrifter og garn nede på garnrommet. Likevel så ser strikkekroken min ut som den har vore utsett for ein tornado. Kan det ha samanheng med stadige innkjøp av nytt garn og nye mønster?


Det versta er jo at det er god plass og temmelig tomt oppi kista. Ryddig oppi der til og med...


Eit av mine favorittstrikkeblad dukka også opp i postkassen her om dagen, Interweave Knits. Så utruleg mange lekre ting, og eg kosar meg frå perm til perm.


 
Likar veldig godt løysinga dei har med masse småannonser bakerst i bladet. Då kan eg sjekka ut ein masse nye spennande nettsider, i min evige jakt på nytt garn.

 
I dag har det blitt lite strikking, legens ordre. Men i morgo er eg sterkt tilbake på den fronten. Har begynt på ny jakke til Madel, endeleg. Får håpa eg kan retta opp krympefadesen min.

2 kommentarer:

  1. Du veit at nye innkjøp må nytast og fordøyast, så då vert det rot her hos meg og. Treng det for å klare å få kreativiteten på glid.

    Vert kjekt med ei ny jakke til Madel. Aldri kjekt å "forandre" eit plagg i vaskemaskina!

    SvarSlett
  2. Får ikke slike uvær navn -din kan hete "Jane"... hehehe
    Men det er jo ikke rot, forresten. Enhver arbeidsmann/kvinne må jo ha verktøyet innen rekkevidde for å få noe gjort!!
    Strikkebladet ditt kjenner jeg ikke noe til, men det kan jo forandre seg når jeg stikker innom en gang :)
    Blir spennende å se ny jakke -blir det samme modell som sist?

    SvarSlett