mandag 5. august 2013

Dyr fredag

Det blei ein litt kostbar start på denne helga, men eg reknar med at det er gløymt når herlighetane dukke opp i postkassen min.

Fredag = påfyll hos Wollmeise. Eg skulle jo ikkje ha nåke, bare inn å mysa litt om det var noko fint. Plutselig, nesten som i ei tåka, hadde eg handla to hesper.
Jaja, eg veit at eg ikkje er den einaste som blir litt ør av dei fantastiske fargane på garnet deiras...
Men eg må innrømma at eg er litt forundra at det framleis er garn igjen i nettbutikken i dag, det er jo søndag kveld. Enten har etterspørselen dalt, eller så lagar dei rett og slett meir garn?
(Bildet er lånt frå Wollmeise si nettside og viser desverre ikkje garnet som eg kjøpte, skulle gjerne hatt tak i denne godbiten og..)


Så hadde abonnementet mitt på Love of Knitting gått ut, og det var ikkje spørsmål ein gong om dette skulle fornyast. Det beste strikkebladet eg har vore borti.


Eg ville i tillegg prøva Let`s Knit, som eg kjøpte på Garnsafarien som eg og Linda hadde, og slengte likagodt avgårde ei bestilling på eit abonnement der og. (Prøve legga ved linken her, men eg fekk ikkje til å gå inn på sida deiras i dag)



Jaja, kan ikkje anna enn å kalla det ein god start på helga dette vel? Og litt fortent sidan eg stod i mot julisalget til Drops med glans!!

3 kommentarer:

  1. Så flotte ting du har kjøpt! Jeg må se litt nærmere på bladene :)

    SvarSlett
  2. Ja, sukker her. Skulle hatt eit slikt hespe melert, i byte med eit av dei i plomme eg kjøpte hos woolmeise. Ser det hadda passa til ein dreambird ;) Ellers er det fine handarbeidsblader du abonnere på. Heldige meg som bur såpass nære at eg kan få eit titt??!!!

    SvarSlett
  3. Koselig blogg Jane :) mye fint å se her, som vanlig :) et nydelig garn, kanskje jeg bare skal sløve litt i dag og titte på denne nettsiden jeg også? Fali` ;) spennende med nye blader Jane - kos deg ha en fin dag

    SvarSlett