mandag 3. juni 2013

Ryddesjau!

Eg hadde ikkje nåke aent valg i helgå enn å prøva rydda unna litt i strikkekroken min. Det begynte nemlig voksa utover eit større og større  areal, og hadde eg ikkje teke det snart ville det nådd kjøkkenet før eg visste ordet av det!


Det er minuset med desse posane, pakkane og gavene som stadig kjem inn døra her. Det skal ryddast på plass etter å ha blitt åpna, beskua, kjent, klemt og sett på.



Men, etter iherdig innsats så er både kista synleg igjen, og strikkekorga inneholde bare det den skal.
Til og med mi forhenverande strikkekorg har fått seg ein omgang av den "kvite tornadoen". Den har fått seg ein dusj og har så stått til tørk ein halv dag, før eg igjen kan gjømma UFOane mine oppi her.


Trudde eg nesten var UFO-fri, men det var visst et par små rakkarar her. Skjerfet, i jet-hekling meine eg det blei kalt,  har fått ligga heilt i ro sidan strikkekafeen ein gong i 2007. Det var den første strikkekafeen eg var på , og temaet var altså desse skjerfa. Skulle jo fått gjort nåke med dette, trur eg må leita fram ein læremester som kan få meg i mål her.


Har også ein påbegynt pulsvarmar i alpakka og perler, men kjenne at det er ikkje ein einaste fiber i kroppen min som har lyst å driva træ perler på tråden igjen... Ikkje som perler på ei snor med andre ord!


Eg gir meg sjøl eit klapp på skuldra for god innsats, det blei jo ei merkbar forbetring vil eg tørra påstå. Og så mykje kjekkare å prøva finna fram nye prosjekt når det faktisk er ryddig.



Og apropos prosjekt! Nå er endeleg armane sett innpå bolen på evighets mohairgenseren til Victoria.  Eg begynne henta meg inn igjen etter armefadesen!

4 kommentarer:

  1. Kjempebra jobba!! Hm... eg bør bli smitta.

    SvarSlett
  2. Hos meg er det ikke en eneste fiber som vil rydde...
    Vil myyyye heller strikke!!
    Men når jeg ser hvor fint det var blitt i kroken din, så går i allefall tankene dit hen at jeg BØR rydde ;)

    SvarSlett
  3. Enig med Sølvi. Problemet mitt er plassmangel. Har nok litt vel mye hamstertendenser. Men det har vel ikke dere, eller??
    Ser ut til at du har gjort en kjempejobb. Det er godt etterpå da.

    SvarSlett
  4. Kan du sende noen ryddevibber nedover hit ....:) I mårå i mårå men ikke i dag ;) Godt jobba ! :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten