onsdag 5. juni 2013

Pasientlufting

Ettermiddagane og kveldane kan bli litt langdryge her på Haukeland, men i går sytte Sølvi for at eg fekk lufta meg litt. Ho kom rett og slett å henta meg og tok meg med på strikkekafe i Os Husflidslag.
Og for ein koseleg kveld! Kjekke damer, trivelege lokaler og masse god strikkeskravling! Timane føyk avgårde. Så tusen takk Sølvi for lufteturen!


Og så må eg visa dei utruleg fine maskemarkørane eg har handla meg. I mitt hus så forsvinn det stadig maskemarkørar. Litt av grunnen trur eg nok er at toåringen synes dei små duppedittane er veldig kjekke å leika med, for eg finn dei igjen på dei mest utrulege plasser. For eksempel oppi ein sko i gangen eller i ein kjøkkenskuff.


Eg ville ha lette maskemarkørar som også kunne brukast på litt tjukkare pinnar. På Epla Materiell fann eg desse fine markørane her. Ingenting å sei på prisen, og lynkjapp levering. Så langt har dei vore veldig gode i bruk, ingenting som tråden kan henga seg fast i, og så er det litt stas å kunna ha like markørar på eit strikketøy:)


Ha ein kreativ junidag!

4 kommentarer:

  1. Dette så koselig ut. Så flott med en luftetur fra sykehuset.
    Maskemarkørene dine så så fine ut.
    Ha en så god dag som mulig på sykehuset.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for besøket! Vart jo overraska når du kom inn døra, ja. Det er triveleg med slike avbrekk i kvardagen.

    SvarSlett
  3. Kjenne misunelse long veg!! Skulle vore artig å vært der! Ser eg har to-tre kjende der ;D Men, unte deg turen til Os. Kjempefine strikkemarkørar!

    SvarSlett
  4. Det var baaare hyggelig å kunne redde pasienten fra en kjedelig ettermiddag! Og så var det jo så kjekt å få vise deg "mitt" strikketreffsted; Yrkesstova :)
    Skjønne maskemarkører. Veldig bra at de er så praktiske i bruk!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten