fredag 7. juni 2013

My Little Pony

Nåken ting går aldri av moten når det kjem til leiker. Som for eksempel Barbie, Lego, Duplo og My Litle Pony. Dei små ponniane med man og hale i mange fargar som eg leika med for 25 år sidan har gjort same nytten for eldstejenta på snart 10. Ho har jo sjølvsagt supplert samlinga ein del, og i mi tid hadde jo ikkje desse hestane same arsenalet av ekstrautstyr som i dag.


Når eg kom over eit bilde av ein sånn nydeleg hekla ponni på nettet så måtte eg jo tipsa det største heklegeniet eg kjenner: Linda.
Eg kjem stadig over fine heklating som eg tipsar damen om, så etter ei tid hadde eg gløymt ut heile hovdyret.
Heilt til denne flotte saken her dukka opp!


Synes den bare er så stilig, spesielt med dei krummelurane til hale.


Litt pussig beinstilling, lure på om eg ikkje har sett det på et bilde her tidligare i år...?


Ponnien blei veldig godt mottatt, og sjølv om dette skulle vera eldstejenta sin, så er det ei lita ei som stadig legg beslag på den.


Så over til den mystiske pakken i gråpapir.. Fleire har vore spente på om den inneholdt noko spennande, men desverre. Dette er vel den kjedeligaste pakken eg har bestilt på lenge.

 
Det var nemlig fem nye nøster med Rowan Summerspun frå damene på "Jernbanen".  (Siden butikknavnet er så unorsk og lite strikkeaktig, så blir det bare Jernbanen, til tross for at butikken hete Norwegian Spirit)
 

Så nå er i alle fall garnet i hus så eg kan få laga ein ny jakke til Madel. Må bare få unna dei 38 andre prosjekta eg har planlagt først..



1 kommentar:

  1. Ja Linda kan det hun! Herlig liten ponny ;)
    Når det gjelder benstillingen -den kjente jeg også igjen...hehehe
    Pakken hadde nå flott innhold spør du meg -nydelige farger på Summerspun'en!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten