onsdag 26. juni 2013

Å stå i mot..

Eg står i mot, alt eg kan! Med begge beina godt planta i bakken mane eg fram siste rest av motstandskraft. Og kva er det eg strevar sånn med å motstå?
Garnsalg, garnsalg, garnsalg...
Plutselig hadde nokon posta ein link på Facebook om at Nettgarn hadde salg på Dalegarn. Og salg på garn frå Dale er ikkje kvardagskost. Lerke, Lille Lerke og Babyull, alle tre er nydeleg saker som gjerne får bu på garnrommet mitt.
Enn så lenge har eg klart å stå i mot. Siste salgsdag er 28. juni, så eg håpar viljestyrken min held fram til då...

Bilde frå Dalegarn

Mens eg var i Bergen starta eg på et nytt strikketøy som var passande å ta med seg når eg skulle på strikkekafè på Os. Det nye silkemjuke garnet til Sandnes, Alpakka - Silke og pinnar frå Harmony Wood var ein makalaus kombinasjon, så eg starta på ein liten babyjakke.
Strikka vidare på den her om kvelden, men trur eg må rekka opp igjen. For det første så krøllar nedre del av jakken seg voldsomt, noko som forhåpentligvis vil retta seg ut i vask, men kva om det ikkje gjer det? Vil eg ta sjansen?
For det andre så har det skjedd noko snålt på den tredje runden med glattstrikk, den er så laus og stygg. Maskene heng jo nesten å sleng!


Eg anar ikkje kva som har skjedd, men eg veit at det irriterar meg. Viss eg rekke det opp igjen kan eg både laga ein breiare kant nede, som ikkje krøllar seg, samt få eit jamnare resultat. Perfeksjonisten i meg ropar at det er løysinga eg bør gå for.

Så spørs det då, kor mange tidels sekund det går før du klikkar deg inn på nettgarn.no for å sjekka ut salget...

4 kommentarer:

  1. Hahaha, eg gjekk i allefall fem på og rett inn....men hjalp lite at det meste er utsolgt (kanskje like greit.. ;)

    SvarSlett
  2. Som Lykeliten måtte eg sjølvsagt sjekka salet. Men eg seier nesten heldigvis at aktuelle fargar var utseld. Lure linkar er det du kjem med stadig vekk, imponert over korleis du held deg oppdatert.

    SvarSlett
  3. Bra det var utsolgt herfra og. Lett å la seg rive med når det er salg på garn.
    Ha en fin dag og lykke til med ny start på jakken.

    SvarSlett
  4. Siste salgsdag i dag jo! Det var farlig å lese!
    Hvordan har det gått med deg? Greier du å holde i mot?

    Jeg elsker å strikke med babyull, så det spørs om det var litt vel farlig å lese om din styrke nå. ;)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten