søndag 15. desember 2013

Med stryk-karakter frå han far

Sokkane eg strikka med forsterka hæl falt ikkje i smak hos pappaen min. Eg fekk rett og slett beskjed om at eg bare måtte venda tilbake til den gode, gamle "farmorhælen" igjen.


Tenkte nå at fasongen ikkje ville bli så annleis eg, når einaste endringa på den forsterka hælen er at eg strikke kun annankvar maske på den rette omgangen på hælkappa, den vrange pinnen som vanleg.


Men, der tok eg litt feil. For det første så trekke denne hælen seg veldig sammen og blir ein god del smalare. Dette kan nok korrigerast ved å laga hælkappen over 6 masker meir.
Men, eg pleie jo også fella inn to masker på siste pinnen før eg starte sjølve avmaskinga under hælen, og dette blei vanskelig når eg bare skulle strikka annankvar rettmaske. Derfor droppa eg det, og hælen blei meir firkanta enn den pleie. Dette vil jo sjølvsagt retta seg i bruk, men i følge pappa var det ganske ubrukeleg.


Eg må jo bare testa på eit par til, om den kan gjerast meir lik min vanlege hæl med litt korrigeringar ala Jane. Eller er det nokon som har andre triks å komma med her?


Eg skimtar nå mållinja i denne julemaratonen:) Alle gavene er i hus, skal bare skriva ei bunke julekort i morgon og sausa i samen nåke kake/konfektopplegg, så kan jula komma. Einaste skåret i gleden er at eg ikkje klare å få tak i ei sånn stjerna som denne.


Trur det var i fjor eller året før eg kjøpte den, og irritasjonen var stor når eg klarte å slita magneten som holde stjerna åpen. Kun min egen feil, men lika irriterande. Eg durte ut til Europris på jakt etter ny, men dei som var der i år hadde jo sjølsagt ikkje samme mønster på stjerna. Så øverst på mi ønskelista står ei kvit papirstjerne lik den eg har! Trur om Nissen kan fiksa ei slik til meg?

fredag 13. desember 2013

Smaken er som baken

Sist veke hadde Europris tilbud på garn mandag og tirsdag. Eg har vore lite borti garnet herifra, og tenkte det var dumt å kjøpa garn som eg visste så lite om kvalitetsmessig. Men med mange tusen strikkeinteresserte på Strikkesida på Facebook, så er det råd å få svar på det meste ein lurer på.



Og svara var mange, og garnet som den eine var så godt fornøyd med blei nesten bannlyst av andre. Det stadfestar vel bare at smaken er som baken...
Men, ein ting var dei fleste enige om, og det var at Superwashgarnet var tåleg bra. Så då stakk eg innom Europris igjen, litt klokare framfor garnhylla.


Ikkje så mange nøstene, men denne herlige buketten med retrofargar fekk flytta til Uskedalen i denne omgang. Trur kanskje fargane er ein av grunnen til at eg alltid bare har gått forbi garnhylla her, dei er hverken fugl eller fisk. Kan ikkje heilt forklara det, men mange av fargane ser kunstige ut. Spesielt det multifarga babygarnet.
No gjenstår det å sjå då, om garnet held mål. Ikkje bare skal det vera godt å strikka med, veldig kjekt om det også ser fint ut etter litt vask og bruk.


Jentene mine har vore hos Besto og baka pepperkaker. Kom heim med kvar sin boks fulle av både hjerter, griser og stjerner. Herleg førjulskos.

I svingen og på hælen

Kem trenge vel julakaker når kjekke venninner kjem på døra med varme, rykande ferske kanel i svingane! Ingen lagar så gode kanelsnurrar som Lene, og både store og små koste seg med kanel i svingane mens me såg på Jul i Svingen:) Det har rett og slett svingt skikkeleg her i kveld!


På pinnane har det stort sett vore raggsokkar i det siste, og i går somla eg meg til å knipsa bilder. Syns farmor sitt trauste treskogarn ikkje er lika vanleg å finna rundt om i butikkhyllene lenger, men for meg er dette ein skikkelig lubbeklassikar.


3 nøster held til eit par herrelubbar, og eg legg opp 52 masker på pinne 3,5. Er alltid redd at leggen skal bli for laus, at det blir skli-ned-sokkar, så prøver å få litt spenst i vrangborda.


Hælen strikkar eg over 28 masker, glattstrikk ca 18-20 pinnar. Så, for å få ein litt avrunda hæl, så strikkar eg maske 13 og 14 samen og maske 15 og 16 samen på neste pinne rett. Vrangt tilbake, og så strikkar eg meg til midten av hælkappa. Der strikkar eg to vrang samen, flytt maska tilbake på venstre pinne, og snu. Så strikkar eg to rett samen, flytt maska tilbake og snu.
Huskeregel: Vrangt samen viss du har rettsida mot deg, rett samen om du har vrangsida mot deg. Og husk å snu!
Så er det bare å dura i veg til du kun har to masker igjen på pinnen.


Eg plukkar opp masker langs heile hælkappa, og som regel så vil det då passa sånn omtrentleg at du endar opp med same masketal som på leggen. I mange år plukka eg opp i den ytterste maska, og det var ikkje alltid lika lett å få jamt og fint. Men i fjor blei eg introdusert for ein litt anna måte å plukka opp på, DENNE metoden gir deg garantert eit tett og fint resultat!

Har eg litt fleire masker feller eg desse ved å strikke to rett samen i slutten på pinne 1 og starten på pinne 4, annankvar omgang til du igjen har 52 masker.


På foten pleier eg strikka glattstrikk til passe lengde. Ser at mange også strikkar to rette og to vrange oppå foten, men etter leggen er eg så lei av vrangbord at eg lukkeleg durar i veg med bare rettmasker.
 Som regel veit eg skostørrelsen til dei som skal ha sokkane, og då er formelen enkel: Skostørrelsen delt på 2 = fotlengden når ein starte tåfelling. På desse som skulle vera i størrelse 44 strikka eg til totallengda, inkludert hælen, var 22 cm og felte så av.


Eg brukar farmor si tåfelling, den har ikkje svikta meg så langt. Reduser masketalet til 12 på kvar pinne, strikk to saman fire rett, to saman fire rett. Gjenta ut omgangen, strikk så fire runder rett. Så er det to samen og tre rett, to samen tre rett, og tre rundar utan felling. Og slik held eg fram til eg har fira masker att på kvar pinne. Drar tråden igjennom og voila, ferdig!

God gammal årgang

Eg handle meg stadig "nye" hefter, og eg storkosar meg med å bla i desse skattane frå 40-50- og 60-talet. Me har ei flott strikkehistorie, og det er så fantastisk å sjå korleis moten går i runddans.



Både bildene og annonsene som er i bladene er jo artige, og det er vel enkelte positurar ein aldri vil støta på i dagens strikkebøker.


Om eg ikkje kjem til å strikka ein ting frå dette heftet, så er det god inspirasjon og ikkje minst underholdning.



Fasongen på denne jakka er jo så som så, men det tulipanliknande mønsteret var nydeleg.


 Kanskje ein idè før neste sommars badesesong damer? Mønsteret burde jo absolutt fenga etter sjakkseieren til Magnus Carlsen.

onsdag 11. desember 2013

Den største gleda ein kan ha...

I går vart det ikkje nåken blogg. Eg måtte nemlig vaska. Argh, så irritert eg var. Blei jo endeleg ferdig sist veka med å vaska tak og veggar etter snikrane.  Begynte liksom å sjå enden på prosjekt gang. Så kjem dei for å setja opp ei foldedør og setja på dei siste listene.  Og med døra open og saga rett utanfor, så seie det seg jo sjøl kva eg måtte til med. Jo, nettopp. Vaska heile gangen på ny...
Så då vart det hverken strikking eller blogging i går.


For å prøva sprita opp det beksvarte humøret mitt tenkte eg at å handla julegaver til Sykehusbarn ville hjelpa. Og det gjorde det jammen!


Så nå har eg 20 gaver ferdig innpakka og klare til å sendast avgårde. Håpar verkeleg det kan gleda litt hos nåken små som må tilbringa julaften på sjukehus.


Og har du lyst å gi noko er det ikkje for seint. All info du treng finn du på nettsida til Sykehusbarn.

Fekk meg ein liten sjokkopplevelse i dag! Det er store hol i strikkepinnesamlinga mi! Kven hadde trudd det, med tanke på alle dei metrane med strikkepinnar eg har. Men pinne 6-7 er det lite av. Har nokon i bambus, med veldig mjuk vaier, men dei er ikkje brukande. Trur faktisk eg må satsa på Addi-pinnar i metall for at det skal vera nok hold i til så tjukt garn. Eller er det nokon som har andre tips å komma med?


Ikkje la julestria ta knekken på dåke, husk å strikka og pusta litt innimellom!


mandag 9. desember 2013

Ikkje meir garn på Bjørke

Garnbutikken på Bjørke i Rosendal, som eg liksom har hatt som min lokale garnbutikk, har slutta med garn. Porselensbuo Gåver & Hobby starta i hovudsak med porselensmaling, både ferdige produkt og utstyr, og har dei siste åra gitt meir og meir plass til garn og strikking. Til min, og mange andre si store glede, har det vore eit breidt utvalg med både garn, mønster og pinnar, gode prisar og mange gode tilbud. Og ikkje minst ei blid og triveleg, og veldig hjelpsom, dama bak disken.


Etter å ha solgt alt garn med 25% rabatt i heile oktober, kom det eit tilbod frå nokre unge strikkesjeler om å kjøpa resten. Og dermed var det gjort, pinnar, garn og mønster fekk seg nye eigarar i utkanten av kommunen. Og med det var det rett og slett slutt på garnbutikken på Bjørke.



Sjølv om damen snart rundar 70 år, så har ho tenkt å halda fram med butikken, men i litt mindre målestokk og på litt andre betingelsar. Det vert ikkje faste opningstider, men opent etter avtale. Meir fokus på postordresalg, og i hyllene vert det litt utstyr til bunad, litt stoff og resten malingsutstyr. Til gjengjeld har ho mykje malingsutstyr, både til olje- akryl og porselensmaling.


Mine siste kjøp på Bjørke vart 1 kg med Nepal og eit babyhefte frå Dale. Eg håpar jo at det blir garnbutikk hos dei som kjøpte restlageret, slik at me kan få ein ny plass å få utløp for garnmanien vår. Uansett vil eg sei tusen takk til Kristlaug som har holdt oss med garn i mange år, håpar du verkeleg får god tid til eigne hobbyprosjekt no!


søndag 8. desember 2013

Suverent julegåvetips!

Det har komt mange strikkebøker i år, av varierande kvalitet spør du meg. Syns ein del vitnar om å ha litt dårleg tid, litt av typen: Nå er strikkebølga på topp, me hiv i samen noko mellom to permar og får solgt det før bølga er over. Og så er det andre bøker som er meir grundige. Den siste boka til Marte Helgetun er ei av dei.


Eg fekk boka tilsendt for å ha som gevinst på lynlotteri neste strikkekafè, og eg måtte jo bare nytta sjansen å smugkikka litt i ho. Og for ei bok!! Denne står på mi ønskeliste i år!


For det første er jo boka utruleg tjukk! Her er det mange oppskrifter! Og så er det jo så flotte bilder, eg lar meg i alle fall sjarmera i senk!


No har eg endå ikkje strikka etter nokon av Marte Helgetun sine mønster, så korleis dei er kan eg jo ikkje bedømma. Min ros kjem eine og aleine ut i frå det visuelle. Her er det mykje eg kunne tenkt meg til ungane!


                                             Håpar denne boka havnar under mitt juletre i år!!