mandag 14. juli 2014

Koftetips til danske

Eg har hatt ein lengre ferie i Suldal i lag med jentene, og på onsdag besøkte me Husflidbutikken på Sand. Har egentlig ikkje vore nåke særleg inni denne butikken, siden det stort sett er Rauma sitt garn. (Synes det er stikkete). Men denne dagen var vi på jakt etter rundpinne og stakk innom. For det første, så var det herleg svalt der inne. Ute kokte det med 30 grader, så eg kunne nesten ha parkert inni det kjølige lokalet heile dagen.


Men, det kom innom nokre danske turistar som var på jakt etter mønster til Suldalskofta. Den har eg jo, og har blogga om HER!. Mønsteret er jo ikkje i salg lenger, og damen i butikken hadde kanskje ein gammal kopi. Så då måtte jo eg blanda meg inn og tipsa om Koftegruppa på Facebook! Eg var ikkje sikker om den var der, men eg sa at det var i alle fall første plassen eg ville leita etter koftemønster. Så dei noterte, og forhåpentligvis har dei funne fram på verdsveven.

Men, eg er redd dei blir skuffa når dei ser mønsteret, for dei åpna med at dei hadde sett Setesdalkoftao og Sirdalskofta og lurte på den til Suldal. Mønsteret er jo ikkje samanliknbart i det heile.
Fekk vita av damen i butikken at mønsteret kom på 70-talet og hadde henta inspirasjon frå sånne vevde åkle som høyrer heime på einkvar vegg i eldre hus.
Uansett så er det fantastisk at kofter har fått så oppsving i det siste. Alt som kan gjera strikking populært og gjera fleire interessert i garn og pinnar, det støttar eg!


Eg gjekk jo ikkje heilt tomhendt ut derifra eg heller. Det lekre garnet Porto frå Pt frista meg med fargen.


 Og dette heftet med bunadsstrømper er jo ein klassikar. Synes det er på sin plass å handla litt "souvenirar" når ein er på ferie:)

4 kommentarer:

  1. Eg like Suldalskofta, eg. Såg den i blåfargar på koftegruppa i går--- må innom dagleg og sjekka nye foto der! Herlig at koftemoten drar mot nabolanda våre! Garnet du har kjøpt har nydelege fargar!

    SvarSlett
  2. Har sett Suldalskofta i ny drakt. Den var faktisk veldig fin. På Kolbeinstveit kan du i sommar sjå andre spøta gensrar med inspirasjon frå krossåkle i Suldal.

    SvarSlett
  3. Den kofta meiner eg far hadde då eg var ung, kjekt å sjå igjen.
    Kan tenka meg at den blir fin i andre fargar, må på koftegruppa og sjå.
    Takk for kommentar på bloggen min! Fortsatt god sommar!

    SvarSlett
  4. Veldig fin er kofta. Jeg gleder meg til nest ferie i Norge... og jeg er sikker jeg kjøper igjen strikkepakke... dessverre jeg kjøpte siste ganger bare strikkepakke for votter og lue... jeg håper nest gang det blir for kofte... Raumagarnet jeg liker, så deilige farger.
    Det blir veldig interessant med dine klassik-strømper...
    Ha deilig sommerdager. Hilsen sender deg Viola

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten