fredag 25. juli 2014

Dansk ekstraservice

Eg blei gledelig overraska her for litt sidan, når eg bestilte meg garn frå den danske nettbutikken 123knit.com. Eg har handla herifra tidlegare også, men det er ei stund sidan. Denne gongen fann eg både arwetta og nåke meir snacks, så eg kom sjølvsagt over 200-kroners grensa.


Kjekt var det då å få ein e-post frå butikken om dei skulle pakka det i to forsendelsar, sånn at eg slapp moms, og ikkje minst det hekkans gebyret dei tar i tollen. Hurra, gjett om eg blei glad då. For portoen frå Danmark er omtrent det samme som i Norge, så det blei mykje rimeligare.
Fantastisk ekstraservice!


Pakken inneheldt jo sjølvsagt godsaker. Arwetta har eg endå ikkje testa, men etter at Linda strikka nåken nydelige sokkar i dette garnet måtte eg bare bestilla litt lys lilla.


                          Og den knæsj grønne kan jo bli skikkelig tøffe sokkar, for den vågale.


Den fleirfarga arwettaen forelska eg meg heilt i. Det haustlege fargespelet er nydeleg, og eg håpar det blir fint spettete, og ikkje stripete, når eg strikkar av det.

 
Litt bomullsgarn kom også med i pakken, såg meir spennande ut i nettbutikken enn det faktisk var. Men, det kan alltids brukast til noko.

5 kommentarer:

  1. Morsomt med garn og ikke hverken du eller jeg har noe fra før.

    SvarSlett
    Svar
    1. Den spraglete Arwettaen så spennende ut.
      De danskene var jo fristene å prøve, de hadde jo forstått noe.

      Slett
  2. Åh, den butikken må jeg sjekke :) Arwetta har jeg strikket babyvest med, helt nydelig garn Jane, så mye lekkert du har handla

    SvarSlett
  3. Du må teste ut nettbutikken til www.speedyneedle.dk også, hvis du ikke allerede har gjort det da ;)

    SvarSlett
  4. Ooo, lekkert garn! God service er noe vi strikkere setter umåtelig stor pris på, det er sikkert og visst...

    SvarSlett