fredag 9. mai 2014

Første arm ferdig

Så var eg i mål med første arm. Gjekk jo egentlig ganske kjapt når eg kom meg i sving. (Og blei ferdig med å irritera meg over diagram som ikkje stemmer).


Men, det vart jo fleire hinder i vegen enn det eg reiv av meg håret for først! For dumme meg trudde jo at når første runden i mønsterrapporten stemde, så ville dei påfølgande stemma og. Og det gjekk veldig greit, og eg var så fornøgd med løysinga mi om å gå ned frå 104 til 102 masker. Heilt til eg kom til rad 4. Då var det slutt på idyllen gitt. Ei maska feil....
Pytt, pytt, den skal eg klara leva med tenkte eg. (Tenk at eg som lide av pirkius perfektus klarte å tenka den tanken!)


Så var det nokre rundar som stemte igjen. Men så kom eg opp til oxo-mønsteret, og der var det fullstendig kluss. Nødsamtale over fjellet, rekning og telling og ny frustrasjon.


Konklusjon: Diagrammet går ikkje opp i maskeantallet kvar runde. Her kan ein ikkje få i pose og sekk, ein må rett og slett velga kva rundar ein vil at mønsteret skal gå opp.
(Min konklusjon: Detta er heilt bak mål, skulle vore forbudt å laga mønster som faktisk ikkje stemmer med masketallet! Hmpfh!)
Om eg er spent på å starta på bolen, ja ein smule...


Reknar med at dei fleste har fått med seg at det er SALG på ein masse garn frå Garnstudio.
Og så er det jammen komt eit nytt babyhefte herfra også. Dei har ikkje fornya seg så veldig, men det var nå litt fint å finna her!

3 kommentarer:

  1. Hvor har du funnet diagrammet/oppskriften? Kanskje det ligger rettelser noe sted på nett..? sandnesgarn.no, det ser ut som Marius mønster?
    Greit å vite hvor det er feil, for jeg har noen hefter her og der:P Kjett å strikke fra det ene som er feil da..

    SvarSlett
    Svar
    1. Oppskriften er frå Sandnesheftet Tema 15 Klassikere. I følge erfarne strikkedamer så stemme visstnok aldri rapportane på armane. Og når du begynne dela opp mønsteret, så ser ein jo at rapportane ikkje går opp i samme masketall, så ein eller anna plass må det bli feil. Viktigaste er jo at det stemmer på bolen, så den er eg spent på nå.

      Slett
  2. Snålt det med armene. Strikket en Marius i jula med mønster på armene, husker ikke at det var noe feil med den. Mulig jeg kanskje hadde "feil" utgangspunkt, fort gjort å glemme å øke/felle :P Ren flaks da med andre ord:D
    Gi oss update angående bolen da;) Og lykke til!

    SvarSlett