søndag 7. april 2013

Påsken då alt gjekk på tverke

Det har blitt svært lite blogging både i og etter påske, og det har ein veldig god forklaring. Onsdag før skjærtorsdag fant nemlig dataen min ut at den skulle slå seg av og ikkje gidda starta igjen. Etter mykje plunder og styr, sikkert ekstra styr siden eg er omtrent like datakyndig som ein agurk, så fekk eg liv i den igjen. Men alt av bilder, filer, mapper og program var sporlaust forsvunne - reine påskemysteriet.
Eg leverte dataen inn til kyndige fagfolk, men ikkje ein gong dei klarte å finna igjen noko som helst. Ingenting! Heldigvis så er det ikkje meir enn ein god månad siden eg la alt av bilder og strikkemønster over på ein ekstern harddisk, men ein del er jo vekke likavel. Så hugs backup!!

Så reiste vi på påsketur. Eg fekk nytt simkort til mobilen min for ei lita stund sidan, og ca 20 minutt før vi er framme skrur telefonen min seg av. Tom for straum. Viss nåken trur at Jane hadde klart å bytta pinkode på telefonen, eller læra seg den nye koden, ja då har dei alt for god tru på meg. Resultat: ein veldig stille og mobilfri påske.


Dei raude dagane skulle eg liksom rekka å strikka så masse, tenkte jo spesielt at Langfredag gav rom for å rekka over ein del. Men bortsett frå genseren til Gjukon så blei det minimalt. Med eit strålande vêr og scooterføre så blei det heller hytta på meg. Så glad over å komma meg til fjells, og om det ikkje vart så flittig strikking så var spøtet i alle fall med i sekken.
Eit par rundar blei det dog, mens dei andre stod på ski, lødde ved og aka.


Ja eg aka forresten ein runde og to eg også. Men etter å ha havna i ein brakabusk med hovudet først i rimeleg høg fart, så gav eg meg med den halsbrekkande aktiviteten. Ein svær kul og barnåler på stader eg ikkje skal nevna er meir enn god nok grunn, spør du meg!


Så var me heima igjen, og 2. påskedag hadde eg satt av kun til strikking! Mann og barn skulle vekk, og eg kunne nyta heile dagen uten strikkeforstyrrande aktivitetar som til dømes middagslaging. ÅÅÅ, kor eg gledde meg!
Det var heilt til eg våkna med eit håndledd ute av drift. Etter ein tur på legevakten, (takk til Lene som driv byggefeltets pasientreiser) såg hånda mi sånn ut. Blei ikkje strikking hverken den dagen eller dagen etterpå.


 Så nå satsar eg på bedre tider både når det gjeld strikking og blogging - trur ikkje eg har meir elektroniske duppedittar som kan tulla seg til nå!

5 kommentarer:

  1. Huff, og Huff. Sies jo at en ulykke skjelden kommer alene, og det har du jo nå bevist. Nå kan det bare bli bedre.
    God bedring fra Liv

    SvarSlett
  2. Det var ikkje småtteri heller!! Den hånda så ikkje god ut, rektig god bedring!
    Det såg ut som du hadde ein fin tur til fjells, med unntak av barnåler og kul då...;)

    SvarSlett
  3. Auda - Det der så skikkelig vondt ut! Riktig god bedring :-)

    SvarSlett
  4. Her var det uhell i massevis.
    Noe har du jo fått orden på.
    Håper du snart er strikkeklar igjen. Fortsatt god snarlig bedring.

    SvarSlett
  5. Uffda, Jane! Jeg får vondt av deg og leddene dine...
    Håper du har det bedre nå i skrivende stund!
    Tror jeg må ile avgårde etter ekstern harddisc. Om du aaaaner hvor mange ganger jeg har snakket om å lage meg en backup -men selvsagt uten å ha gjort alvor av det....

    SvarSlett