mandag 1. april 2013

Et hundeliv!

Påsken er snart over, og eg har hatt nåke på pinnane som eg aldri hadde trudd at eg skulle strikka! Ein hundegenser!


Lillebror min har akkurat skaffa seg ein herlig valp, og "tante" kunne jo ikkje komma på besøk uten ein liten gave. Siden valpen er rimelig korthåra og temperaturen har holdt seg godt under 0, så måtte jo ein god varm genser i ull vera midt i blinken!

Eg tok utgangspunkt i eit mønster eg fann inne på garnstudio sine sider, men var veldig usikker på størrelsen. Etter litt fram og tilbake gjekk eg for størrelse S i denne modellen her! Eg ville jo ikkje spørra bror min kor lang hunden var, då hadde eg jo røpa litt av overraskelsesmomentet!

Eg brukte svart Karisma, samt ein liten rest med kvitt til mønsteret. Valgte å bytta ut originalmønsteret med et ganske enkelt hundebeinmønster. Både for å letta arbeidet litt for meg sjølv, men og fordi det kanskje passa bedre både til hund og eigar!


Ganske fornøyd med at eg klarte få mønsteret så jamt og fint, sidan det går mange månadar mellom kvar gong eg strikkar mønster med fleire fargar. Men metoden som Monica viste meg funka bra. Då held ein bunnfargen vanleg over peikefingeren, mens mønsterfargen ligg over både peikefinger og langfinger. På den måten blir mønstertråden akkurat passe stram.


Eg laga jo litt ekstraarbeid for meg sjøl ved å legga hundebeina akkurat der det skulle fellast til bein på undersida. Burde jo hatt fornuft nok til å ha dei lenger bak, men eg tenkte jo på kor vi har mønster på genseren og plasserte hundebeina etter det..


I tillegg måtte eg ha kyndig forklaringshjelp for å skjønna kossen eg skulle fella av der som beina skulle komma. Såre enkelt når eg bare skjønte ka eg skulle gjera. Synes ofta at enkle ting står veldig vanskeleg forklart i Drops-mønstrane, men det er kanskje eg som er veldig tungnem?

Og det er garantert eit og anna å utsetta på opplukkinga mi av masker rundt beina, det fekk eg ikkje lika fint som eg skulle ønska. Her treng eg visst meir trening.
Langst bak-kanten blei det bedre, antagelig fordi det her ikkje var tofarga mønster som laga kluss i salaten


Eg burde hatt med meg litt meir garn på påskeferie, for sjølv om eg strikka etter måla, så blei det for lite til beina. Fekk laga ein liten ribbekant, men så var det tomt for garn. På beina gjorde det egentlig ingenting at det ikkje blei lenger ribbekant, men eg kunne godt tenkt meg å lagt på eit par cm på rygglengden.


Som dåke ser så passa genseren fint, men kunne med fordel vore litt lenger. Eg trøste meg med at vintersesongen snart er over, og at han då ikkje treng genseren meir.
Og eg er litt stolt over å kunna føra opp ein hundegenser på lista over ting eg har strikka!



Faktaboks:
Garn: Karisma frå Drops
Pinne: 3,5
Vekt: 97 g





7 kommentarer:

  1. Så flott genser til ein nydelig kvalp. Vert ganske mo i knærne av slile små. Nydelig arbeid på denne, synes du er alt for kritisk til deg sjølv. Du sttilksr så jamt og fint med 2 fargar.

    SvarSlett
  2. Er så enig i det Åshild skriver over her.
    Flott arbeid du har gjort.

    SvarSlett
  3. Visst klarte du det!! Så søt både hund og genser! Det er okei med litt utfordringar i blandt - iallefall god følelse å få da til!

    SvarSlett
  4. Så fin den var på hunden! Bra man passer på disse små firbente i kulden. :)

    SvarSlett
  5. OJ OJ OJ ble da helt forelsket her jeg i denne genseren, så her skal det vist bestilles hoss dig.....?
    kjempeflott strikkearbeide!
    fra den magiske kluten:-)

    SvarSlett
  6. Jane, du utfører alltid arbeidene dine kjempefint.
    Jevnt og fint og feilfritt :)
    Artig at du har strikket hundegenser (-tror det er lenge til jeg kommer dit!)
    Den var flott med stilig mønster!

    SvarSlett
    Svar
    1. Sølvi, eg trudde heller ALDRI at eg skulle strikka hundegenser, men jammen så har eg gjort det også. Og litt stolt av meg sjølv at eg kom i mål!

      Slett

Det oppstod en feil i denne gadgeten