søndag 21. april 2013

Ein UFO mindre

Denne veka har det ikkje blitt strikka så mange masker, men jammen har eg fått unna fleire UFOar. For dei uinvidde - UFO = UFerdig strikkeObjekt.

Sist ut på skrytelista er ein kjole i Misti frå Du Store Alpakka. Garnet er kjøpt på tilbud, og som eg har skreve før, veldig mjukt, men fytti så det røyta. Røytinga vil nok avta, men kvitt garn på svart genser var ikkje så lurt. Uansett, den har vore ferdig strikka ei stund, mangla bare å festa trådar og få i eit par knappar.


I utgangspunktet så var dette ein tunika frå Pickles. Og av den enkle sorten også faktisk. Likavel så har eg klart å tabba meg ut ein smule og ikkje fulgt oppskrifta nøye nok. Det skulle vera 2,5 cm mellom kvar felling - mitt dårlege augemål har gjort at det plutseleg var 4 cm mellom kvar felling. Sånn blir det ikkje tunika av, det blir kjole!


Satt lenge å lurte på om eg faktisk måtte rekka opp igjen denna røytande, mjuke saken, men kom fram til at eg måtte nå prøva den på først. Kjolen såg lang og litt snodig ut, men når eg hadde den på 2-åringen her så satt den som støpt. Var faktisk fint at den var så sid som den var. Ikkje noko opprekking her i gården nei!


Men litt av æra for at kjolen vart ferdig må eg jo då gi Linda, min døgnåpne strikkehjelp. Eller, i dette tilfellet, heklehjelp. Må seriøst få lært meg denna kunsten, ganske tåpeleg at eg må ha hjelp for å klare nokre fastmasker og to knapphol.


Knappane er forresten bestilt på e-bay, frå Kina. E-bay = knappe-eldorado!!


3 kommentarer:

  1. Gratulerer med ferdig UFO. Den kjolen så jo helt herlig ut heldige henne som får en slik en. Knappene var veldig søte. Ha en fin søndag. :-)

    SvarSlett
  2. Så nydelig kjole og godt å få unna en UFO. Synd med røytinga.

    SvarSlett
  3. En enkel og skjønn modell!
    På lik linje med vesten fra Pickles, så falt jeg for denne kjolen :)
    Herlig knappevalg!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten