mandag 8. april 2013

Garnsalg

Kom over ein kjekk, og veldig informativ, melding på facebook i går. Link til ein nettbutikk, sjølvsagt med garn, som skulle avvikla og solgte alt ut med 40% rabatt. Kunne nesten hørra sangen "Svake mennesker" i bakhovudet mens eg surfa meg inn på sida...

Og sida hadde jo litt å by på den, bare sjekk HER! Viktig å lesa infoen på sida korleis ein får rabatten trukke frå ved betaling!
Eg hadde aldri hørt om denne nettbutikken før, så det er jo litt synd at den først blir oppdaga når den skal avviklast. Uansett, eg er svært godt fornøyd med å ha fått bestilt meg masse herligt Sandnesgarn. Kan vel unnskylda meg med at det er minimalt av det frå før i garnlageret? (Eg er nyleg tildelt ein nobelpris i bortforklaringar ang. garnkjøp)

Men eg bruke litt garn og, om det går litt tregare enn innkjøpa. Fredag kveld hadde eg strikkevisitt av Monica, og med rumpa plassert i kvar vår stoore recliner, te i koppen og Idol på TV - blei det strikka, festa trådar, rekt opp og sydd i knappar seks timar til ende!
Sånne skikkelig kjedelige ting som å festa trådar og sy i knappar er mykje lettare å gjera når ein har godt selskap, og eg fekk på den måten ferdig to vestar.
Sikkert ein månad siden vestane var ferdig strikka, men vegen frå avfelling til ferdig produkt er usedvanleg lang her hos meg. Var jammen på tide eg fekk lagt noko nytt ut i Epla-butikken min!


Igjen er det Enkel Vest frå pickles.no som inspirerar, men med min eigen vri. For det første har eg strikka i Andes frå Garnstudio. Herlig, tjukt blandingsgarn med ull og alpakka som kjem i ein uimotståeleg fargepalett! Og garnet kjem i nøster på 100 gram, så det blir ikkje så mykje trådfesting, eit stort pluss i mi bok!


Vesten skal opprinneleg strikkast på pinne 5,5 - Andes skal strikkast på pinne 8 eller 9. Eg prøvde å strikka Andes på så tjukke pinnar - men eg gjer ikkje det igjen. Syntes det vart ganske slafsete og ujamt, og sjølv om det hjalp litt å ha den ein runde i vaskemaskinen så blei den ikkje så bra som eg hadde håpa. På neste vest gjekk eg derfor ned til pinne 5,5 - og då vart resultatet mykje bedre. Fast i fisken, ganske tjukk, men det passar til ein sånn vest.




Men, det må jo knappar i tinga også. Med ganske mange knappar, fullstendig uoversikteleg og utan system, så brukte eg litt tid på å leita. Men den som leitar skal finna, og eg trur at begge knappevalga var ganske gode.




2 kommentarer:

  1. Du strikker så fine vestar, har tenkt å prøva meg eg og, takk for link til oppskrift!
    Det er fleire som lot seg frista av garnsalg, eg venter pakke i posten ;)

    SvarSlett
  2. Enig med Wenche -det er en veldig fin vestmodell du strikker!
    Og knappevalget var supert på begge du viser oss her :D

    Ellers tror jeg kanskje det var bra at du ikke oppdaget nettbutikken før.... ;)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten