lørdag 27. april 2013

Bør eg leggast inn?

I dag kom det liksom litt klart føre meg akkurat kor garngal eg faktisk er... Men eg trur eg framleis er i stand til å ta vare på meg sjøl, enn så lenge.

På programmet i dag stod ein tur til Bergen og Haukeland. Siden eg hadde time litt utpå dagen slapp eg hasta avgårde til den første båten klokka 07, men kunne i staden få eldstejenta avgårde på skulen og rekka litt frokost før eg måtte ut dørene.

Men, eg hadde to valg når det kom til neste båt. Eg kunne ta den som gjekk direkte frå Sunde til Bergen litt over 10, og dermed få over ein time til heima og sleppa båtbytte, eller eg kunne gjera som eikvar garngal sjel ville gjort. Ta båten som gjekk rundt 9 til Stord, for å få nesten ein halvtime i garnbutikken der, og så ta båten tilbake til Sunde, før den så vendte nasen mot Bergen. Fram og tilbake er like langt seies det, og i dag var det faktisk litt lenger enn det også.
For Jane hu valgte jo sjølvsagt å ta den tidlegaste båten, den garnbutikken skulle nemlig sjekkast ut. Eg nærmast sprang av båten, for eitkvart ekstra minutt mellom garnhyllene ville jo hjelpa. Kunne spart meg det minuttet... Butikken opna nemlig ikkje før klokka 10, omtrent når båten min gjekk igjen.


Eg har bare ein ting å sei: Den som sove syndar kanskje ikkje, men driv du garnbutikk kan du gå glipp av eit megasalg! For, ut i frå kva eg såg gjennom vinduet, så hadde det blitt mykje med heim!
Det versta var at eg fakisk var litt flau over at eg hadde reist halvanna time tidlegare for å få komma i den butikken - kor gal kan ein bli? (Ikkje svar på det er dåke snille)

Så eg tusla slukøyra bort til terminalen og venta på båten som skulle frakta meg til Bergen.
Og det var i Bergen at dagens under skulle skje.
Eg hadde to timar før eg måtte møta på Haukeland, og med god hjelp frå Sølvi via mobil, fekk navn og adresse til eit par garnbutikkar i sentrum. Eg var først innom Nilsen på Bryggen. Detta var ein alt for stille, ryddig og lite inspirerande butikk for meg. Det var ingen festlige tilbudskorger, ingen følelse av at rommet bugna av mjuke nøster og det var skummelt stille der. Sikkert ein bra butikk når ein handlar etter handleliste, men for meg som handlar etter egfekklystpå-prinsippet, blei det nåken knappar og det var alt.

Så var eg innom Husfliden litt lenger oppi høgget. Men nei, her var det og for sirlig og nøyaktig og pent og ryddig. Ikkje den eg-kan-bada-i-garn-følelsen her heller, og få overraskelsar. Her blei det karbonpinnar, men intet garn!


Siste garnbutikk var på veg til båten heim igjen. Tvers ovanfor terminalen ligg Quiltekroken, og den hadde faktisk plakat i vinduet med tilbud på garn. Først lurte eg på koffer i all verden radaren min ikkje hadde fanga opp denne tidlegare, eg ser jo nesten på den når eg går av båten! Så eg måtte jo innom her også. Det var stort sett Viking Garn, og der er jo ikkje eg noko fan i utgangspunktet. Kikka litt i mønsterheftene, men heller ikkje her var det noko som klarte løsna på handlesperra.

Tenk, 3 garnbutikkar og eg hadde ikkje kjøpt eit einaste nøste!! Mine næraste lurte jo på om eg var alvorleg sjuk, at ein innleggelse kanskje måtte vurderast.

Men eg kom jo ikkje tomhendt heim likevel. Knappar og pinnar var jo kjøpt, og på Narvesen fann eg to kjekke engelske strikkeblader. Her var det veldig godt utvalg i både strikke og hekleblader, best å merka seg alle strikkedamer!


Love Knitting var ein soleklar favoritt, og eg har sjølvsagt vore på nett og sett om eg kunne få det rett heim. Desverre så gjekk ikkje det. Bladet er proppfullt med fine mønster, og spennade annonser frå ulike leverandørar.

The Knitter var også vel verdt pengane. Her er det mange og varierte oppskrifter, tips om nye garntypar, adresser til gode nettsider og nettbutikkar. Har ikkje fått sjekka ut heimesida deiras endå, men det står for tur!


7 kommentarer:

  1. Jøss....Må jo sei eg lurer litt på ka som skjer, siste innlegga dine har jo vore slikkelig mot normalt, omhandlande alt garnet du _ikkje_ har kjøpt..? Men undrer meg ikkje om det e nåke som går fort over ;o)

    SvarSlett
  2. Du e "krame", sa ei venninna til meg -- men, nå må eg få seie det til deg:) Iallfall gjekk ullkroken glipp av ein stor patriot og entusiast, ja!!

    SvarSlett
  3. Det er en som ligger på jernbanestasjonen som du har gått glipp av. Norwegian Spirit er en fin butikk synes jeg :)
    Jeg er like gal etter garnbutikker, radaren går på full skanning når vi kjører gjennom nye steder :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Viss du blar litt tilbake i blogginnlegga mine, så ser du at eg er ein flittig gjest hos damene på jernbanen i Bergen:) Det er desidert ein av dei beste garnbutikkane eg nokonsinne har vore i. Og for framtida veit eg at det ikkje er så mangen andre i Bergen sentrum som er verdt et besøk!

      Slett
    2. Skal nok ta en dypere titt i innleggene dine :)

      Slett
  4. Ullkroken hadde flott utstillingsvindu!
    Var nå bra du ikke kom tomhendt hjem. Både knapper og pinner kommer helt sikkert godt med :)
    Og kjekke, inspirerende håndarbeidshefter er jo alltid spennende!

    SvarSlett
  5. Nå humrer jeg litt "i skjegget" her jeg sitter.

    Godt at du ikke kom helt tomhendt hjem da.
    De strikkebladene ser skikkelig spennende ut !!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten