tirsdag 4. februar 2014

Ikkje død...

Eg er ikkje død, viss nåken lurte.. eller håpte. Har bare vore fullstendig i dvale, og ser med skrekk at det er over ei veke sidan sist blogginnlegg.
Ikkje at det har vore så overveldande mykje strikking å visa fram. Det blir nemlig strikka minimalt når ein er i dvale.


Men eg har då gjort ferdig nåken sokkar. Ola Raggegarn har blitt testa ut, og det får absolutt ståkarakter. Eit av dei mjukare "hampgarna" eg har strikka med. Dette kan eg godt kjøpa meir av neste gong eg er innom Obs.


Påfuglribb vise godt på det lyse garnet, og er veldig dekorativt til tross for at det er superenkelt. For dei som trenge ei påminning korleis ein strikkar påfuglribb, så kjem den her:

Masketalet må vera deleleg med 5, og rapporten går over 4 omgangar.
1. Tre rett - to vrang, gjenta ut pinnen
2. Ta første maske laus av, strikk to rett, løft den lause maska over dei to strikka rettmaskene, to vrang - gjenta ut pinnen.
3. Ein rett, kast, ein rett, to vrang - gjenta pinnen ut.
4. Tre rett - to vrang, gjenta ut pinnen.

Så begynner du frå starten att med første rapport.

Treng du garn anbefalar eg alle å gå inn HER. Eg veit i alle fall at det må ein leveranse til Uskedalen herfrå!

2 kommentarer:

  1. Alltid flott håndarbeid å se hos deg :)

    SvarSlett
  2. Flotte sokker og den påfuglribben er så fin.
    Takk for du minnet meg på den.

    SvarSlett