mandag 10. februar 2014

Takk!

Ser plutselig at besøkstalet her på bloggen min har runda 100.000, med god margin. WOW!! Det hadde eg ærleg talt aldri trudd. At mitt uhøgtidelige skribleri om garn og spøt skulle få så mykje oppmerksomhet i den jungelen med flotte og proffe strikkebloggar som fins, ganske fantastisk. Så eit uendeleg stort takk til alle dåke garngale, strikkeglade og ullemiske sjeler der ute, som svinsar innom. Håpar eg på eit eller anna tidspunkt kunne inspirera til å prøva eit nytt garn, ein ny nettbutikk eller ein ny oppskrift. Det var neml
ig heile hensikten! Og så ser eg jo at for min egen del så har det vore veldig greit å kunna gå tilbake for å sjå kva garn eg brukte på det, eller kva pinnestørrelse som gjorde seg best då osv.


Men det blir jo aldri så mykje strikking som ein skulle ønska, i alle fall gjeld det her i huset. Klare ikkje finna roen viss eg har ting hengande over meg som burde vore gjort. Nyttar ikkje å sitta å strikka mens hybelkaninane formeire seg med lynets hastighet, og haugen med skittentøy veks til skrekkinngytande fjellkjeder. Men, det har nå blitt et par sokkar denne veka.


Til bursdagen min i fjor fekk eg to nøster Alpakka Strømpegarn frå Sandnes. Nå skulle dei mjuke nøstene endeleg testast. Og bedre garn har eg aldri strikka sokkar av. Så utruleg mjukt, og sjølv om det er alpakka så røyta det ikkje så ille som ein del anna alpakka.

Eg hadde jo håpa at to nøster skulle holda til eit par damesokkar i str 40, men eg strikkar leggen såpass lang at det gjekk ikkje. Eg måtte til med eit tredje nøste, og det var sjølvsagt ikkje samme innfargingsparti. For å unngå at det skulle bli fargeforskjell strikka eg leggen på sokk nummer to med annankvar runde av kvart nøste. Blir jo mikroskopiske trådskifter som viser der ein bytter tråd, men det får stå sin prøve. Sikkert bare ultrahyperpirkete meg som legg merke til det. Det har i alle fall ingenting å sei for funksjonalitet eller passform, og i bruk vil det jo ikkje visa inni vrangborden.


Sokkane blei i alle fall kjempemjuke, og dette garnet kjem eg til å prøva igjen. Spent på korleis slitestyrken er, og om dei blir veldig glatte i bruk.
To par sokkar er i alle fall på veg til Sauda, så får me håpa dei varmar godt både gjennom denne og neste vinter!

9 kommentarer:

  1. Gratulerer med å ha passert ei så "magisk" grense! Eg begynte og å blogge mest for eigen del, og blei, som deg, litt overraska over at andre både las skribleriene mine og kanskje og at nokre følte dei blei inspirerte av dei! Sånt er givande, rett og slett. Så får det heller være at det går litt ut over strikkinga i ny og ne. At det går ut over husarbeidet kan ikkje være noka tap for menneskeheten slik eg ser det... Lukke til vidare!!!

    SvarSlett
  2. Gratulera!! Og tusen takk for den fine prmien eg vann på tippekonkurranse her i vinter!! Enda det var trøstegevinsten, så var det så kjekt! Flotte sokkar du har fått utor pinnane!

    SvarSlett
  3. Gratulerer med så mange besøk! Det er alltid kjekt å lesa bloggen din, og inspirert til å handla garn har i alle fall eg blitt ;) Flotte sokkar du har strikka. Alpakka sokkegarn har eg ikkje prøvd, dei varmer sikkert godt.

    SvarSlett
  4. Det er en fryd å lese bloggen din, Jane :)
    Du bruker festlig et festlig språk, har mye garninfo og mange kjekke linker!
    Gratulerer -over 100 000 seere; det er vel fortjent!

    SvarSlett
  5. Det er ein koselig blogg du har Jane, så for meg er det ikkje noko overrasking at mange stikk innom her og les dine betraktninger ein kjær hobby! Gratulerer med flotte besøkstal. Fine sokkar du har strikka enda ein gong.

    SvarSlett
  6. Sier som de andre, alltid kos å titte innom bloggen din :) ser du kommer torsdagen, så triv`li :) nydelige sokker du har strikket - igjen, og du? Jeg er piiiin nøye når jeg søker inne på Ice-siden. Finleser alt hva garnet inneholder, så jeg forsikret meg om at dette var bomull. Da sees vi snart da!

    SvarSlett
  7. Gratulerer med mange besøk. Det er alltid kjekt å lese det du skriver.
    Flotte sokker du har strikket og viser oss.

    SvarSlett
  8. Ække rart at det er mange som stikker innom her. Du er rett og slett herlig, gøy å lese det du skriver. Morsomt både å lese om garn (i hauger) og strikketeknikker.

    SvarSlett
  9. Gratulerer med så mange besøkjande! Det er alltid artig å lese bloggen din så det er ikkje så overraskande:)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten