onsdag 29. august 2012

Ein smule skuffa

Som sikkert veldig, veldig mange andre så har eg gått og venta på Allers si nye bok Småstrikk. Eg nærmast spurta gjennom butikken på måndag, fekk både Allers blad og boka gjennom kassen, og gledde meg til ei stille stund i godstolen heime. Har den første strikkeboka frå Allers, ein skatt i strikkebiblioteket mitt, og skuffelsen var desto større over den sist innkjøpte. Her var det jammen ikkje mykje inspirerande og nyskapande. Eg trur faktisk ikkje eg kjem til å strikka nokon ting, ingen sånn "Å, den bare MÅ eg laga"-opplevelse.




Strikkebilaget til bladet var faktisk ikkje særlig mykje bedre, heilt greit liksom. Nå får me vel bare sjå fram til Håndarbeidsbladet til Familien som også er rett rundt hjørna.

På strikkefronten går det stort sett i klutar. Og så har eg fått ferdig ein vest. Vesten er vel i str 2-3 år og er strikka i Balder frå Viking. Et veldig godt og mjukt garn som eg likte å strikka med. Oppskriften er jo som før, Enkel vest frå pickles.no.


Ein liten gave kom gledelig og uventa, stilige og ikkje minst gode, tøfler frå Linda. Dei har vel stort sett vore brukt kvar dag sidan eg fekk dei. Tusen takk Linda. Vil du sjå meir av alt det fine Linda lage, kan du innom bloggen hennar: www.strikkstraks.blogspot.com .


Vennligst sjå vekk frå sokkemerkene på anklane mine.

I dag har eg hatt første dag på jobb etter å ha vore vekke i nesten to år. Det var ein god følelse å gjera nåke nyttig igjen, men nå blir resten av kvelden i godstolen med strikketøyet og sesongpremiere på Luksusfellen. Og godt selskap har eg og!

Neste generasjon strikkerar "in training"

1 kommentar:

  1. Eg kjøpte ikkje den Allersboka. Bladde gjennom i butikken - ilag med den til Familien, den er komen den og, ser du. Satte dei fint tilbars" i hylla, eg og sparte dei kronene. No ser eg fram til neste mondag, då MbyM kjeme ut. Det må eg berre ha, uten å snika først!
    Håper det går greit med deg på arbeid, Jane! Kose dåke med strikketøy og tv. Koseleg å sjå ho V. oppteken med garn og pinnar! Takk for skryt her i bloggen din!

    SvarSlett