lørdag 11. august 2012

Ny nettbutikk

For eit par veker sidan delte Linda http://strikkstraks.blogspot.com ein kjekk link på facebook. Ein ny nettbutikk for det lekraste amerikanske garnet var rett rundt hjørna, og hadde ein strikkeblogg kunne ein bli trukke ut som "prøvekanin" for det nye garnet.
Så sidan eg har ein strikkeblogg, og alltid er ivrig på å prøva ut nye garntypar, meldte eg min blogg på. Og jammen, eg vart ein av dei fem heldige som kunne venta i spenning på mjuk pakke i posten.




Berre eit par dagar seinare ligg altså denne kjemperosa hespen i postkassen. Den nye nettbutikken http://tibialia.no/ er oppe og går og det nydelige garnet Lornas Lace kan nå kjøpast på norsk.
Så langt er eg litt skuffa over nettbutikken, det nydelige lilla/grå-sokkegarnet eg så gjerne ville hatt var nemlig utsolgt. Men, kan jo henda at det skuldast ein pangstart og knallsuksess, og det kan ein vel kanskje ikkje beklaga seg over? Eg skal i alle fall gi dei to damene bak nettbutikken litt tid, for garnet er nydelig og eg er spent på å følga blogg og oppskrifter utover hausten.

Den rosa hespen må ligga litt enn så lenge, må grubla litt på kva denne skal bli... Tips mottas med takk, eg er ikkje så rå på råååsa:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar