fredag 3. august 2012

Rundpinneveske

Så har eg endelig fått flytta inn i denne snertne saken frå Namaste. Praktisk rundpinneveske som rommar mange pinnar, oversiktelig og ryddig og lett å ha med i strikkeveska.




Kjøpte den før jul, men har rett og slett ikkje somla meg til å ta ein opprydning i pinnane mine før nå. Min kom heile vegen frå det store utland, men ser nå at du også kan bestilla den her:  http://www.garnkurven.no/index.php?route=product/product&path=67_150&product_id=628





Trudde jo eg hadde ørten rundpinnar i kvar tjukkelse og lengde, men den gong ei. Det fann eg ut når eg klarte knekka siste rundpinnen i bambus i str 3,5... Leita og leita etter ny, men var ikkje å oppspora. (Klarte legga strikketøyet frå meg på armlenet - same armlenet eg støtta meg på når eg reiste meg. Ikkje sånn utprega smart)
























Så då hadde eg meg ein real handlerunde i pinneavdelinga hos garnkurven.no og dei kom i posten på tirsdag. Kun bambus, ibenholt  og Harmony Wood. To av rundpinnane var cubicspinnar, altså firkanta strikkepinnar, og dei reknar eg med er lika gode som strømpepinnane eg fekk til jul. Hadde nokon sagt for eit år sidan at eg skulle strikka på firkanta strikkepinnar hadde eg nok ledd godt, men dei er utruleg nok supre!

Så nå har eg stålkontroll på rundpinnane mine, i tre vel å merka, så får eg ta ein liten runde i metallpinnane og kvitta meg med litt. Her trur eg at eg har 10-12 stykker i enkelte lengder og tjukkelsar, og det er litt i overkant av kva eg treng. Sikkert nokon strikkande rundt meg som kan bruka dei.




Har strikka ferdig eit par raggsokkar i Labbegarn (Sandnes) som eg fekk frå Linda. Godt å strikka med og litt tynnare enn det vanlige hampgarnet. Reknar likevel med at slitestyrken er god. Dei finn vegen ned til Martabu i morgo, og så får me kryssa fingrane for godt salg der i helga. Sidan det er Festidalen så burde det vel bli ein del meir folk.


Eg prioriterer handballkamp og strikking i dag i staden for konsertar. Ikkje noko som frista å høyra på, og skulle eg ombestemma meg kan eg bare opna terrassedøra...

1 kommentar:

  1. Så digg med nye pinner! Strikkepinner er dyrt, syns du ikke? Det er kanskje dårlig gjort å si det, men du kunne halvvert utgiftene ved å handle i en dansk nettbutikk...
    Her blir det også strikking og hånballkamp i kveld, gleder meg:)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten