lørdag 25. august 2012

Litt børsten i kveld...

Siste helg på Martabu står for døra, og eg har klart å få laga litt klutar i løpet av veka. Skulle jo gjerne ha rukke å strikka så mange fleir, men det får kanskje bli neste veka.
Det blei ekstra stilig med kostane frå Søstrene Grene, får bare håpa dei er gode å skrubba tallerkar
med og..



To av klutane er strikka i PT Petunia, et veldig, veldig godt bomullsgarn. Til forskjell frå mange andre bomullstypar så hadde ikkje detta tendens til å dela seg, og i tillegg kjem det i veldig mange lekre fargar. Kan anbefalast, utan at eg ennå veit kor godt det holde seg i bruk og vask!



I tillegg har eg brukt Milk & Honey frå Viking, Muskat Soft frå Drops og ein uidentifiserbar garntype.




Kjøpte meg ein Addi rundpinne i Oslo, og dette er bra saker. Mjuk og føyelig streng på rundpinnen som oppfører seg akkurat slik den bør gjera. I tillegg er overgangane gode. Skal du ha nye pinnar kan du trygt handla slike. Brukte denne til alle klutane, og finn gjerne fleire prosjekt der eg kan få bruka denne...





Litt anna smågodt fann eg og på handlerunden. Sånne bare-må-ha ting.. Tenkte at det faktisk kunne vera lurt å ha litt meir enn bare svart og kvit sytråd, og knappane kunne eg jo ikkje gå forbi..






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar