Så kom han då endeleg, denna vinteren! Lett snødryss i går, så det så vidt er kvitt, og gradestokken er omtrent der den bør vera. Omtrent ein månad for seint, men bedre seint enn aldri! Jula er pakka vekk for lengst, også desse flotte snømennene som den yngre garde i huset fekk til jul. (Alle ser vel at desse kjem frå ei kreativ dama i Herøysund)
Og når kulden kom, så kunne eg endeleg bruka dei fine, varme julegåvene eg fekk!
Linda syter jo alltid for at eg har varme, fine og gode sokkar. Eg har endå ikkje strikka eit einaste par sokkar til meg sjølv, og det har eg egentlig ikkje behov for når ho strikkar sånne artige saker til å varma undersåttane mine med:)
Ein avsendar, litt lenger nord i fylket, hadde heldigvis tenkt på at kanskje eg kom til å frysa på fingrane mine. Åshild er verkeleg ei dama eg ser opp til, på alle måtar, men ikkje minst når det kjem til handarbeid. Bare sjå desse nydelege vottane her! Dei er så flotte at dei kun skal bli brukt til fint!
Ser at mange har hatt "årsoppgjer" over alt dei strikka i fjor, ikkje minst alle dei strikka julegåvene. Mitt oppgjer er ganske enkelt, ingen strikka julegåver, ingenting strikka til meg sjølv, ein jakke + hua til minstejenta og nokre sokkar til bror min. Resten har forsvunne i Epla-butikken min. Nytt år og nye muligheter til å endra på den statistikken.
tirsdag 14. januar 2014
mandag 13. januar 2014
Ny bok i samlinga
Midt i "julestria" følte eg for å belønna meg sjøl litt. Ikkje fordi eg hverken dreiv noko veldig intensiv rundvasking eller baking, men enkelte godbitar kan ein ikkje la gå forbi. Enda en Strikkebok frå Pickles er jo då ein slik godbit.
Eg har alle tre bøkene til Pickles, og sjølv om eg bare har brukt 3-4 av oppskriftene, så er desse bøkene noko av det kjæraste eg har. Bøkene er ein humørløftar, og alle dei fine bildene kan gjera ein kvar grå dag eit hakk eller to lysare. Det besta med desse bøkene er jo at det er mange oppskrifter utan montering, det er ein fordel for oss med nål-og-tråd-fobi!
Mange spreke modellar, både til store og små, og den stripete dressen har komt høgt opp på ønskelista.
Ein kan også følga Pickles på nett, og jentene er veldig flinke til å oppdatera med nye oppskrifter, kurs og gode tilbud. Verdt å sjekka ut!

søndag 12. januar 2014
Garnbingo
Etter mange, mange veker utan husmorlufting, gjekk turen til Stord torsdag kveld. Ullkroken kunne nemleg freista med strikkekafè, og eg har jo sagt fleire gonger at eg gjerne skulle tatt ein tur der. I tillegg skulle det denne kvelden vera garnbingo, noko som jo måtte bli ein høydare. Eg slapp heldigvis å reisa aleina, Linda var ikkje så vanskeleg å overtala.
Kjapt over fjorden med båt, og me rakk både Fem Høns og ein anna garnbutikk før me inntok Ullkroken. Eg har skrive det før, og skrive det igjen, denne butikken er bortimot den perfekte strikkebutikk. Godt utvalg frå både Sandnes og Rauma, både i garnkvalitetar og fargar, samt ein drøss med godbitar frå andre leverandørar. Og så er det alltid mange kjekke tilbudskorger som står både her og der.
Men, det var jo ikkje bare handling denne kvelden, sjølv om det vart to rundar i butikken på både meg og Linda. Det var også garnbingo. Og snakk om kvalitetsunderholdning! Garnbingo fungerar som all anna bingo, bortsett frå at det ikkje er tal i rutene du skal kryssa, men garntypar/strikketilbehør. I tillegg så er jo premien, ikkje uventa, garn og pinnar!! Dette var supermoro, eg anbefalar det som aktivitet til alle strikkekafèar!
Og jammen vant eg også. Hurra! Det morsomme var at eg stod og holdt på eit slikt nøste i butikken, og hadde planar om at eg skulle kjøpa det. Men tanken på dei 135 kiloane med garn heime slo inn, så eg la det i frå meg. Men det var tydeligvis meininga at dette skulle vera med meg heim.
Ikkje utenkeleg at me tek ein tur til på Strikkekafè på Ullkroken, då med fleire utsendingar frå denne sida av fjorden vil eg tru.
For å sjå bilder frå tidlegare besøk i butikken, sjå HER!
Er du på FB finn du også sida til Ullkroken der.
På veg til båten heim, gjekk eg og Linda forbi dette butikkvinduet her. Og me vart litt i stuss kva dei egentlig prøver å selja her...
Kjapt over fjorden med båt, og me rakk både Fem Høns og ein anna garnbutikk før me inntok Ullkroken. Eg har skrive det før, og skrive det igjen, denne butikken er bortimot den perfekte strikkebutikk. Godt utvalg frå både Sandnes og Rauma, både i garnkvalitetar og fargar, samt ein drøss med godbitar frå andre leverandørar. Og så er det alltid mange kjekke tilbudskorger som står både her og der.
Men, det var jo ikkje bare handling denne kvelden, sjølv om det vart to rundar i butikken på både meg og Linda. Det var også garnbingo. Og snakk om kvalitetsunderholdning! Garnbingo fungerar som all anna bingo, bortsett frå at det ikkje er tal i rutene du skal kryssa, men garntypar/strikketilbehør. I tillegg så er jo premien, ikkje uventa, garn og pinnar!! Dette var supermoro, eg anbefalar det som aktivitet til alle strikkekafèar!
For å sjå bilder frå tidlegare besøk i butikken, sjå HER!
Er du på FB finn du også sida til Ullkroken der.
På veg til båten heim, gjekk eg og Linda forbi dette butikkvinduet her. Og me vart litt i stuss kva dei egentlig prøver å selja her...
torsdag 9. januar 2014
Eit eple her og eit eple der...
Eg skal vel ikkje prøva innbilla nokon at Eplabutiiken min, Spøtekroken, har nokon enorm omsetnad, men det ruslar nå ut ein vest eller eit par sokkar nå og då. Og i haust har det liksom vore ganske jamt og trutt, og sidan eg er litt treg å fylla på så er det heller et slunkent utvalg nå.
Hjalp litt når eg kunne putta inn nokre raggsokkar, og eg bør snart ha klart både ein liten genser og eit par Vestar. Er berre desse knappane som dåke jo veit må SYAST i...
Kjøpte meg nokre kjekke kort på www.etsy.com . Den sida er egentlig like farleg som einkvar bugnande garnbutikk, så eg prøver å ikkje klikka meg innom for ofte. Men desse korta syntes eg nesten var noko eg måtte ha.
Eg fann korta mi hos denne damen HER! Og i utgangspunktet hadde ho bare dei store korta med garnnøste, men det var ingen problem å laga nokon mindre. Dei vart med sau på.
Artige kort som eg synes det er greit å legga ved når eg sender strikkating frå Eplabutikken min. Då kan eg skriva ei lita helsing, samt tips om f.eks vasking av plagget og kva garn det er strikka av. Og så håpar eg jo sjølvsagt at mottakaren synes det er litt triveleg at det ligg ei lita helsing saman med plagget.

tirsdag 7. januar 2014
*trommevirvel* ..og vekta på garnlageret er....
Tusen takk for enorm respons på min ganske så uhøgtidelege konkurranse. Så kjekt at så mange har vore inne og tippa, har vore kjekt å følga med på. Eg visste jo heller ikkje resultatet før nå i kveld. Eg hadde startvekta første januar 2013 på 108 kg, og så har eg vegd og skrive opp kvar ting som er strikka og alt som er kjøpt inn eller fått av garn. Mitt tippeforslag var 186 kg.
Då har eg rekna, og kontrollrekna, og lageret mitt er altså: 135, xx kg!!!
To damer hadde svart 135 kg, så derfor må eg ha ein aldri så liten finalerunde mellom Linda Tvedt og Laila Eide. Supert om dåke kan komma med ein desimal eller to på dette, sånn at eg kan finna ein vinnar!
Eg må egentlig sei at eg er ganske overraska, eg trudde det skulle vera mykje verre. Så spørs det då, kor mange av desse kiloane eg får trykka inn i garnskapet.
Trur ikkje det blir noko loggføring og veging av alt som blir kjøpt inn og strikka opp i 2014. Det er alt for dillete og stjele mykje strikketid. I år trur eg heller at eg skal prøva varianten med å spara ein tier for kvart nøste som blir oppbrukt. Vurderar å starta med ein kjole i restegarn til Madel, for å få ein skikkeleg "flying start".

søndag 5. januar 2014
Bittelitt resultat-trøbbel
Eg som trudde at det var ein ganske enkel sak å gjennomføra ein aldri så liten gjettekonkurranse om kor mykje garn eg hadde. Men, nei, det kom nok litt rusk i maskineriet. For uvitande som eg er, skreiv eg i bloggen at ein kunne svara både i sjølve bloggen og på Facebook. Etter at mange hadde svart på innlegget i Strikkesida, så vart innlegget sletta av admin. der. Det er nemlig ikkje lov å ha konkurransar inne på fb. Linkar til blogg med konkurranse er lov, men ikkje direkte på fb altså.
Så nå har eg bedt, og ber, folk som hadde svart på fb om å gå inn i sjølve blogginnlegget å legga inn svaret der. Kan ikkje gjera anna enn å håpa at samtlege gjer det. Veldig kjedelig om ein som svarte på fb hadde rett, men ikkje vant fordi eg ikkje kunne finna svaret igjen.
Dermed forskyv eg avsløringstidspunktet til tysdag, rett og slett slik at alle som har lyst å vera med å gjetta får sjansen!
Har du ikkje tippa endå, kan du gjera det HER!
Dette nøstet her får faktisk ikkje lov å vera med i rekneskapet ein gong. Rett og slett fordi det ved nærmare ettersyn meir ser ut som ei strimla t-skjorta enn garn. Nøstet hadde mamma med heim til meg sist ho var på reise. Ho meinte eg kunne laga gryteklutar av det. Eg vil ikkje påta meg den jobben, men det kan kanskje gå an å hekla eit gryteunderlag. Eg får ta kolossen med ut til Linda og høyra kva ho meinar at det grønne vidunderet kan brukast til.
Nokon som har vore borti dette? Og i så fall, kva vart resultatet?

onsdag 1. januar 2014
Tipp garnvekta
Hæppy nju jer! Då var me i gong med 2014, og eg tenke me startar med eit brak eg. Mitt kjære garn er jo så smått begynt å flytta inn i garnskapet, og her strides dei lærde om kor mykje av garnet eg faktisk kjem å få plass til. Så før me får endeleg svar på det så fleskar eg til med ein real tippekonkurranse:
Kor mange kilo var garnlageret mitt 31.12.13?
Premien blir ei stor pakke med diverse godbitar, både garn, strikkeutstyr og mønsterbøker!!
Det skal jo noko til å treffa akkurat på grammet, men då blir det den som er nærmast, med mindre det er snakk om veldig store avvik.
Håpe mange kjem med eit forslag, og del gjerne på fb eller i bloggen din!!
Godt nytt år!

Abonner på:
Innlegg (Atom)