torsdag 24. juli 2014

Litt snar i snuen....

Nå som eg har handla så masse fine, eldre oppskriftshefter i god stand, så solgte eg nåken av dei som eg synes var litt fløssete. Meeen, eg var kanskje litt kjapp i snuen der.
Det eine heftet sendte eg avgårde samme dag som eg reiste til Ose for å ta ein kikk på Kofteutstillinga til Annemor Sundbø. Det heftet burde eg kanskje teke vare på...


For, det som møtte oss i døra til utstillinga var nemlig denne nydelige jakka her. Sjekk det flotte, og originale mønsteret nede på armane. Denne falt sånn i smak.


Og den jakka var jammen i det eine heftet eg så frivillig hadde sendt frå meg. Det oppdaga eg jo ikkje før eg kom heim og såg på bildene eg hadde teke for å vise innhaldet i det gamle heftet.                Jane, Jane, din treskalle tenkte eg då. Men, gjort er gjort og spist er spist. Tenke heftet likevel har komt i gode hender.


Eg lever endå på opplevelsane frå turen til Ose, så alle dei som har sjans burde nytta sommarens fridagar til å ta ein tur til vakre Setesdalen og den vesle, men så innhaldsrike staden Ose.

2 kommentarer:

  1. Du mangler berre ordtaket; "Grin ikkje over spilt melk!" Typisk meg, slikt noko. Du får kosa deg med bildene, og håpa kansje du finne ei "ny" gamal mønsterbok!

    SvarSlett
  2. Ja denne jakka ble beundret da vi var hos Annemor tidligere i sommer. S morsomt at du har kopi av mønsteret :-)

    SvarSlett