torsdag 23. januar 2014

Å pusla med garnnøster..

Når eg prøve stabla nøster på den mest fullpakka, praktiske og kompakte måten, ja då skulle eg av og til ønska at nøstene hadde meir fasong som små kvadratiske boksar. Snakk om ustabil bygningsmasse, dei lodne rakkarane ligge i alle fall ikkje i ro som eg vil!


For her skal det jo ikkje bare sjå fint ut, det må jo også funka i praksis. Prøve samla dei ulike produsentane, og sjølvsagt ligge alle fargane av ein garntype samla.


Men så må eg jo også stabla eit lag bak det som faktisk er synleg, ellers hadde det vore dårleg utnyttelse av plassen. Her skal det verkeleg stuast! Ikea er jammen fine greier gitt...

5 kommentarer:

  1. Wow så masse garn du har da Nei et nøste ligg ikkje i ro veit du.
    Klem

    SvarSlett
  2. Herlighet!!! -For en flott plass du har fått deg til alt det nydelige garnet ditt!

    SvarSlett
  3. Det blir lettare å finna fram i nøstene dine nå, det var eit kjempeflott skap :)

    SvarSlett
  4. Wow! Jeg trodde jeg hadde en del garn, men du tar jo kaka! Men greit å få det organisert :)

    SvarSlett
  5. Jøsses, ja her er det både system og masse lekre farver og garn :)

    SvarSlett