fredag 18. januar 2013

Jane gjer ting hu ikkje kan.. - og kanskje aldri får til..

Nå var eg endelig så og seia i mål med all bestillingsstrikkinga, og kunne strikka akkurat det eg hadde lyst til. Kosa meg med litt småting til jentene, uten å ha andre sine krav til hverken garn eller fargar. Men, ka gjere Jane då. Joda, hu melde seg på ein strikkealong for å strikka vottar! Eg som aldri har strikka vottar!


Desse vottane er laga av Zirkona og bur nå i min votteskuff!

Eg har heller aldri vore med på strikkealong, vett at eg blir litt stressa av å begi meg ut på ting eg ikkje heilt mestrar. Men nå klarte altså fingrane å tasta slik at eg plutselig var påmeldt til å strikka Elisabeth Zimmermann sine Sideways Mysteri Mittens.

Og slike skal eg liksom klara få til sjølv?

Eg starta å sjå på mønsteret onsdag kveld, og med gode mentorar så tenkte eg at dette skulle vel gå...
Eh, nei. Så langt har det gått dårlig. Etter å ha sett gjennom youtubevideoen fira ganger bare for å klara legga opp på rett måte, så blir det altså eit eller anna feil når eg strikkar første runde. Nødhjelpmailing med alongsjef Zirkona hjelper heller ikkje, hjernen min vil bare ikkje skjønna dette!
Det versta er jo at ingenting er logisk med måten desse vottane er strikka på, så eg skjønne liksom ikkje heilt opp eller ned.


Bilda er Zirkona sine, men eg har fått lov å låna dei til framsyning her!

Så i dag går ferden ut til Linda, i håp om å få hjelp med starten. For eg har tenkt å klara dette, med tid og stunder... Nokre av desse andre strikkedamene som er med på alongen har alt gjort ferdig både ein og to vottar. Nå skal det understrekast at dei kjem i kategorien proff, medan eg framleis er trygt plassert blandt amatørane.


 To be continued....

4 kommentarer:

  1. Med litt hjelp er eg sikker på at du får dette til, du må berre knekke koden først. Hadde du vore litt nærare skulle eg vist deg koreis ;)

    SvarSlett
  2. Dette får DU til!
    Du er så flink og lager så masse fint, klart du får til detta.
    Du har all grunn til å sjøltillit på strikking.
    Hils Linda og kos dere med vottene.

    SvarSlett
  3. Klart du får det til! Er en liten kneik du må over så er du der. Sannsynligvis har Linda allerede ført deg over.

    SvarSlett
  4. Sitat Jane:"ingenting er logisk med måten desse vottane er strikka på, så eg skjønne liksom ikkje heilt opp eller ned."
    Det har du helt rett i - derfor er det tredobbelt GULL når en knekker koden!
    Tror at vi som er raskt ferdige har lukta på løsninga i forkant og trengte bare finurlighetene som sto i oppskrifta.
    Ønsker deg lykke til med mestringsfølelsen når du ser lyset!

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten