mandag 26. november 2012

Trauste raggsokkar


For nokre veker sidan fekk eg bestilling på to par raggsokkar til herre. Faktisk lenge sidan eg har strikka sokkar nå, så det var faktisk befriande enkelt og greit å ha på pinnane. Beint fram litt kjekt med traust lubbestrikking igjen etter alle dei små, dillete babybootiesane.

Denne gongen brukte eg Labbegarn frå Sandnesgarn som snille Linda hadde teke med til meg frå Koparvik. Har ikkje brukt dette før, men det falt absolutt i smak. Litt tynnare enn raggegarnet frå Sparkjøp, også kalla hampgarn, som eg stort sett har brukt til herresokkar tidlegare. Strikka på pinne 3,5 og syntes dei blei passe tjukke.




Etter at eg lærte den geniale utrekningsmåten for å finna rett lengde på sokken til rett fotstørrelse, treng eg ikkje lenger på leit etter passande føter rundt i vennekretsen.
Lengda frå hælen og fram til starten på tåfellinga skal vera lik skostørrelsen delt på to! Altså strikkar du sokkar til ei sjel som brukar 40 i sko, skal du strikka til foten er 20 cm før du startar tåfellinga. Til størrelse 26 skal sokken måla 13 cm før ein feller av til tå. Enkelt å huska, og lett å bruka.




Var også flink denne gongen og hang på tags med størrelse og type garn, litt greiare for den som skal gi dei vekk i gåve. Og så ser det litt snyggare ut.

3 kommentarer:

  1. Trauste raggsokker er supert!
    Kjempefint arbeid, Jane :)
    Veldig kundevennlig med litt garninfo på lappen -da vet de hva de kjøper.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for koselig kommentar på bloggen min
    Nå som jeg har oppdaga deg, blir jeg følger av bloggen din .....
    Ullsokker er alltid kjekt å ha, jeg har også fått flere bestillinger på slike. Tror folk er lei av rema-sokkene som ikke er så varme og blir fort hull i

    SvarSlett
  3. Så flotte labbar du har strikka! Trauste kanskje, men ein klassikar som er minst like populær no som før. Så forseggjort det ser ut med lapp med garntype og stell av labbane, skikkeleg proft :)

    SvarSlett

Det oppstod en feil i denne gadgeten