lørdag 10. november 2012

Lekre mønster

Denne gongen har eg ikkje handla garn, men oppskrifter. Ikkje så reint sjelden det heller i grunn...
Har sett fleire som har brukt mønster frå Marte Helgetun, og då måtte sjølvsagt eg også sjekka ut sakene. http://www.martehelgetun.no/butikken-min/mine-moenstre/

Og her er jammen mykje fint folkens. Eg hadde ikkje lyst å kjøpa heile boka, men valgte i staden et par enkeltoppskrifter. Glimrande løysing, og så mykje lettare i bruk en ei stor bok. I tillegg så kan du då plukka akkurat den oppskrifta du vil ha, og ikkje noko anna. For min del vart det ein babykjole og ei aldeles nydeleg selebukse.




Likte veldig godt utforminga på både nettsida og sjølve oppskriftene. Elegant og lekkert.
Kva tid desse plagga faktisk kjem på strikkepinnane er ikkje godt å sei. Foreløbig har eg meir enn nok med å få unna bestillingar på raggsokkar, babybooties og huer! Godt det er leeenge til jul!

Søndag trekke eg "gi-vekken" i forrige blogg, så det er fortsatt sjans å legga igjen kommentar å bli med i trekninga!

4 kommentarer:

  1. Ja, den selebuksa har eg sugla på lenge.... Mon tru om den kan lagast til ein gut? :) Eller så får eg håpe det dukkar opp ei jente ein gong. :)

    SvarSlett
  2. Helt enig med deg når det gjelder siden og mønstrene til Marte Helgetun.
    Hun har utrolig mye flotte ting. Min datter har ønsket seg den selebuksa til Ella. Nå skal jeg bestille garnpakke og mønster til den.

    SvarSlett
  3. Lekre mønstre du har plukka ut. Spennende strikking.
    For tida holder jeg på å rydde arbeidsrommet. Jeg tenker stadig på deg. Skal prøve å slanke litt i 2013. Men vil jeg lykkes? Det er jo så mange fristelser der ute. Dette er er "lidelse" vi deler.

    SvarSlett
  4. Takk for link -var mye fint på sidene hennes.
    Fine mønstre du hadde kjøpt deg :)

    SvarSlett