mandag 11. juni 2012

Funn på bruktbutikken

Eg har gjort et nytt funn, denne gongen på den lokale bruktbutikken. Var innom ein rask tur på lørdag, og der låg det, lettare henslengt, eit fint strikkehefte frå 1946.





 Heftet er nr. 11 frå O-GO, og eg måtte lesa meg gjennom for å finna ut kva årgang dette var. Tilfeldigvis var det ein strikkekonkurranse der det sto innsendingsfrist.







Mange fine modellar, og eg lar meg fasinera av den høgtidelige måten å skriva på. Mange spennande garntypar som Perlekrepp, Fredsgarn, Norgesgarn, 2-trådet bondegarn, Silke Anemone og Triplex og Fyrstegarn.
Svært lite diagram, mønsteret er som oftast ramsa opp omgang for omgang, slik ein ser i engelske mønster.








På strikkefronten har det nesten vore stillstand denne helga. Dagane har gått med til besøk og ikkje minst Aktivitetsdag i Uskedalen med hoppeslott, andeløp, kuskitbingo og Ta-sjansen. Men no er spøtet framme igjen, og det er oppløpet igjen på kjolen. Fekk et strikkeproblem her lørdags morgon då eg skulle laga knapphol på dei perlestrikka kjolestroppane. Heldigvis er eksperthjelp bare et tastetrykk unna, så tusen takk for hjelp Zirkona.
For knapphol på perlestrikk er ikkje så enkelt som å strikka to samen og eit kast. Eg prøvde det opptil fleire gonger og rekte opp igjen, men det blei slett ikkje knapphol, bare noko som likna på strikkefeil. Løysinga var å strikka dei maskene som skal bli knapphol rett omgangen før, altså dei må bli rett på retta. Og vips, så blei det fine knapphol! Ny lærdom lagra i harddisken.




Så får målet bli å komma i havn med kjolen i kveld,  men først blir det ein kjekk tur til Porselensbuo der det er stort 10-kronerssalg på garn. Masse restar og utgåtte garntypar. Gler meg, blir nok ein del med heim tippar eg:)

1 kommentar:

  1. Så spanande med det gamle strikkehefte. Har nokre sjølv og er alltid på jakt etter fleire.

    SvarSlett